Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • 1

Emneord

Informasjon om vigsel i Ullensvang herad

Borgarleg vigsel i Ullensvang herad

Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang herad sine rutinar og informerer brudeparet om prosessen for borgarleg vigsel.

Kven kan vigslast i Ullensvang herad

Heradet tilbyr borgarleg vigsel for innbyggjarane sine og for personar som ikkje er busett i Noreg, men likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Noreg, ekteskapslova § 12a. Det er tilstrekkeleg at ein av brudeparet er busett i heradet for for at me har plikt til å tilby vigsel. Det er dei alminnelege reglane om folkeregistrering av bustadadresse som regulerer kven som vert rekna for å vera busett i heradet. Heradet si plikt til å vigsla, gjeld også for utanlandske stastborgarar og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse skal ikkje betala for tilbodet.

Ullensvang herad tilbyr også vigsel til andre brudepar enn dei som er nemnt over. Det er då ein føresetnad at brudeparet sjølve dekkar dei faktiske kostnadane heradet har i samband med vigselen.

Førebuing til vigsel

Før det vert inngått ekteskap må det liggja føre gyldig prøvingsattest. Prøvingsattesten er eit dokument på at to personar kan inngå ekteskap og det er skatteetaten/folkeregisteret som ordnar med dette. Attesten er gyldig i fire månader og må sendast/leverast til heradet i originaldokumentet. Meir informasjon finn de på http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap/Ekteskap-i-Norge/

Endeleg avtale om vigsel vert gjort når det føreligg prøvingsattest. Før Ullensvang herad har motteke prøvingsattesten kan brudeparet reservera vigsel.

Tidspunkt og stad for vigsel

Heradet sine stader for vigsel er heradsstyresalen på heradshuset i Kinsarvik. Ein kan og nytta tingrettsalen etter avtale med Hardanger Tingrett. Etter avtale med brudepar og vigslar, kan vigsel finna stad andre stader. Brudeparet må då gjera alle avtalar og ta på seg alle kostnader. Sjå eige skriv om betalingssatsar.

Ullensvang herad gjennomfører vigsel i kontortida måndag – fredag kl 9.00 – 15.30. I tillegg vert det gjeve tilbod ein laurdag i månaden og to laurdagar i månadane mai, juni, juli og august. Sjå eigen kalendar.

Gjennomføring av vigselen

Det borgarlege vigselsformularet skal nyttast ved gjennomføring av borgarleg vigsel. Me nyttar det nynorske formularet. Formularet finst også i romantisk versjon og er oversett til fleire språk. Versjonane finn du på Bufdir sine heimesider.

Før vigselen vert gjennomført har brudeparet levert prøvingsattesten til heradet/vigslaren. Brudeparet skal også legitimere seg. Gyldig legetimasjon må innehalda namn, bilete og fødselsdato, td pass, førarkort utskrive i Noreg eller bankkort med bilete. Det må vera to myndige vitne til stades under seremonien.

Ein vigslar kan utsetja vigselen dersom det er grunn til tvil om at vilkåra for vigsel er oppfylt. Brudeparet vert då pålagde å skaffa bevis for at vilkåra er oppfylte. Utover det har ikkje vigslaren grunnlag for å nekta å gjennomføra ein vigsel.

Melding om vigsel og registrering

I prøvingsattesten frå folkeregisteret inngår også melding om vigsel og vigselsbok (skjema Q-0309). Melding om vigsel/vigselsbok vert fylt ut av vigslaren. Spørsmåla skal svarast på så langt dei passar. Brudeparet og vitna skal underteika vigselsmeldinga. Brudeparet får ein stadfesta kopi av skjemaet. Innan tre dagar skal ein stadfesta kopi sendast til folkeregisteret. Dette gjer heradet.

Saman med vigselsmeldinga skal vigslar leggja ved stadfesting på vigselsmyndet sitt. For ordførar og varaordførar er det tilsetrekkeleg med dokumentasjon på vervet.

Økonomi

Det er fastsett betalingssatsar for borgarleg vigsel i Ullensvang herad. Tilbodet skal vera gratis for heradet sine eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Noreg. Heradet tek betalt for meirkostnader dersom brudeparet vert vigsla utover fastsett tid eller at seremoni og reisetid tek lenger tid enn normalt. Brudeparet skal informerast om eventuelle kostnader i god tid før vigselen. Sjå eigne betalingssatsar.

Ynskjer du å vigslast?

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. De kan søkja om prøving av ekteskap digitalt frå juni 2018.

Les meir: Planlegg de bryllup?

Brudepar som ynskjer å vigslast kan ta kontakt med fellestenestene på e-post eller telefon.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., tlf 536 71 500

Betalingssatsar for borgarleg vigsel i Ullensvang herad

Vigsel 2018 - kalendar