Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1
  • 2

Emneord

Vigsel 2018 - 2019 kalendar

Ullensvang herad gjennomfører vigsel i kontortida måndag – fredag kl 9.00 – 15.30.

Det er også tilbod om vigsel desse laurdagane:

  • Oktober 20.
  • November 17.
  • Desember 8.

Vigselkalendar 2019
Ullensvang herad gjennomfører vigsel i kontortida måndag til fredag kl 9.00 – 15.00.
I tillegg har me tilbod om vigsel desse laurdagane:

12. januar
16.februar
16. mars
06. april
11. og 25. mai
08. og 22. juni
20. juli
03. og 17. august
14. september
12. oktober
16. november
07. desember

Namn på vigslarar i Ullensvang herad:

Folkevalde:

Tilsette i administrasjonen:

Ordførar Solfrid Borge

Helga Helleland

Varaordførar Kåre Grønsnes

Magnus Steigedal

Ingvild Hauso

Eivind Gregersen

Håkon Kvammen

Inger Sekse

Betalingssatsar for borgarleg vigsel i Ullensvang herad

Gjeldande frå 01.01.2018

1. Vigsel utan kostnad

Ullensvang herad tilbyr vigsel utan kostnad for heradet sine innbyggjarar og personar som ikkje er busette i Noreg, men likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Noreg, Jf ekteskapslova § 12 a. Det er tilstrekkeleg at ein av brudeparet er busett i heradet. Heradet sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld også for utanlandske statsborgarar og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse skal heller ikkje betala for tilbodet.

Heradet tek betalt for meirkostnader dersom brudeparet skal vigslast utover fastsett tid (kl 9.00 – 15.30 kvardagar og kl 9.00 – 15.00 dei avtala laurdagane) eller at seremoni og reisetid tek lenger tid enn normalt.

2. Vigsel mot dekking av kostnad

Alle som ynskjer og som oppfyller vilkåra for å kunna inngå ekteskap, kan vigslast i Ullensvang herad. Alle som ikkje er omfatta av punkt 1 ovanfor, må dekka kostnadane ved vigsel sjølv. Heradet tek betalt for faktiske kostnader. Slike kostnader kan vera transport, honorar til vigslar, leige av seremonirom og evt overnatting for vigslaren.

3. Betalingskostnader per 01.10.18

 

Innbyggjar/busett i utlandet

Alle andre

Normal seremoni

Inntil 30 minutt

Utan kostnad

NOK 700,-

Dekkar kostnader til vigslar og føre- og etterarbeid

Seremoni utanom kl 09.00 – 15.30

NOK 500,-

Dekkar ekstra kostnader til vigslar

Nok 700,-

Dekkar ekstra kostnader til vigslar

Leige av seremonirom

Utan kostnad

NOK 300,-

Seremoni i andre lokale

Brudeparet avtalar og dekkar evt kostnad

Brudeparet avtalar og dekkar evt kostnad

Transport til andre lokale, for vigslar

Faktisk kostnad

Faktisk kostnad

Brudeparet skal informerast om evt kostnader i god tid før vigselen.

Betalingssatsane skal regulerast årleg per 1. januar tilsvarande konsumprisindeksen året før.

Informasjon om vigsel i Ullensvang herad

Vigsel 2018 - kalendar

Informasjon om vigsel i Ullensvang herad

Borgarleg vigsel i Ullensvang herad

Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang herad sine rutinar og informerer brudeparet om prosessen for borgarleg vigsel.

Kven kan vigslast i Ullensvang herad

Heradet tilbyr borgarleg vigsel for innbyggjarane sine og for personar som ikkje er busett i Noreg, men likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Noreg, ekteskapslova § 12a. Det er tilstrekkeleg at ein av brudeparet er busett i heradet for for at me har plikt til å tilby vigsel. Det er dei alminnelege reglane om folkeregistrering av bustadadresse som regulerer kven som vert rekna for å vera busett i heradet. Heradet si plikt til å vigsla, gjeld også for utanlandske stastborgarar og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse skal ikkje betala for tilbodet.

Ullensvang herad tilbyr også vigsel til andre brudepar enn dei som er nemnt over. Det er då ein føresetnad at brudeparet sjølve dekkar dei faktiske kostnadane heradet har i samband med vigselen.

Førebuing til vigsel

Før det vert inngått ekteskap må det liggja føre gyldig prøvingsattest. Prøvingsattesten er eit dokument på at to personar kan inngå ekteskap og det er skatteetaten/folkeregisteret som ordnar med dette. Attesten er gyldig i fire månader og må sendast/leverast til heradet i originaldokumentet. Meir informasjon finn de på http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap/Ekteskap-i-Norge/

Endeleg avtale om vigsel vert gjort når det føreligg prøvingsattest. Før Ullensvang herad har motteke prøvingsattesten kan brudeparet reservera vigsel.

Tidspunkt og stad for vigsel

Heradet sine stader for vigsel er heradsstyresalen på heradshuset i Kinsarvik. Ein kan og nytta tingrettsalen etter avtale med Hardanger Tingrett. Etter avtale med brudepar og vigslar, kan vigsel finna stad andre stader. Brudeparet må då gjera alle avtalar og ta på seg alle kostnader. Sjå eige skriv om betalingssatsar.

Ullensvang herad gjennomfører vigsel i kontortida måndag – fredag kl 9.00 – 15.30. I tillegg vert det gjeve tilbod ein laurdag i månaden og to laurdagar i månadane mai, juni, juli og august. Sjå eigen kalendar.

Gjennomføring av vigselen

Det borgarlege vigselsformularet skal nyttast ved gjennomføring av borgarleg vigsel. Me nyttar det nynorske formularet. Formularet finst også i romantisk versjon og er oversett til fleire språk. Versjonane finn du på Bufdir sine heimesider.

Før vigselen vert gjennomført har brudeparet levert prøvingsattesten til heradet/vigslaren. Brudeparet skal også legitimere seg. Gyldig legetimasjon må innehalda namn, bilete og fødselsdato, td pass, førarkort utskrive i Noreg eller bankkort med bilete. Det må vera to myndige vitne til stades under seremonien.

Ein vigslar kan utsetja vigselen dersom det er grunn til tvil om at vilkåra for vigsel er oppfylt. Brudeparet vert då pålagde å skaffa bevis for at vilkåra er oppfylte. Utover det har ikkje vigslaren grunnlag for å nekta å gjennomføra ein vigsel.

Melding om vigsel og registrering

I prøvingsattesten frå folkeregisteret inngår også melding om vigsel og vigselsbok (skjema Q-0309). Melding om vigsel/vigselsbok vert fylt ut av vigslaren. Spørsmåla skal svarast på så langt dei passar. Brudeparet og vitna skal underteika vigselsmeldinga. Brudeparet får ein stadfesta kopi av skjemaet. Innan tre dagar skal ein stadfesta kopi sendast til folkeregisteret. Dette gjer heradet.

Saman med vigselsmeldinga skal vigslar leggja ved stadfesting på vigselsmyndet sitt. For ordførar og varaordførar er det tilsetrekkeleg med dokumentasjon på vervet.

Økonomi

Det er fastsett betalingssatsar for borgarleg vigsel i Ullensvang herad. Tilbodet skal vera gratis for heradet sine eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Noreg. Heradet tek betalt for meirkostnader dersom brudeparet vert vigsla utover fastsett tid eller at seremoni og reisetid tek lenger tid enn normalt. Brudeparet skal informerast om eventuelle kostnader i god tid før vigselen. Sjå eigne betalingssatsar.

Ynskjer du å vigslast?

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. De kan søkja om prøving av ekteskap digitalt frå juni 2018.

Les meir: Planlegg de bryllup?

Brudepar som ynskjer å vigslast kan ta kontakt med fellestenestene på e-post eller telefon.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., tlf 536 71 500

Betalingssatsar for borgarleg vigsel i Ullensvang herad

Vigsel 2018 - 2019 - kalendar