Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Nok eit godt år for Ullensvang !

Førebelse rekneskapstal viser eit overskot på kr 12 mill for Ullensvang herad. Netto driftsresultat er kr 7,6 mill eller 2,0% av brutto driftsinntekter (målsetting 1,75%).

Resultatet i 2017 skuldast hovudsakeleg:

  • Auka rammetilskot og skatteinntekter
  • Auka integreringstilskot flyktningar
  • Lågare pensjonsutgifter
  • God økonomistyring og kostnadskontroll

Kommunane i landet hadde ein skattevekst på 16,5% i desember månad samanlikna med same månad i 2016. Dette ser ut til å ha samanheng med ekstraordinært store uttak av utbyte som følgje av skattereformen. Meirskatteveksten gjer at Ullensvang herad får auka rammetilskot gjennom inntektsutjamninga.

Me har per 31.12.2017 disposisjonsfond på kr 38,5 mill eller 10% av brutto driftsinntekter. Dette er i tråd med målsettinga, og gjer oss godt rusta til å trå inn i ein ny kommune frå 2020.

Rådmannen vil takka alle leiarer og tilsette som har bidrege til eit godt resultat i 2017. Me kjem attende til ytterlegare kommentarar i årsmeldinga for 2017.

Vegstenging Frøynesvegen

Måndag 12.02.18 kl 08:00 startar me med sikringsarbeid på vegen på partiet som rasa ut før jol. Arbeidet tek ca 2 veker. Planlagt stengetid vert kl 08:15-16:00. Opning for skuleskyss. Me set opp postkassar til alle ved Ystås. Ved spørsmål ta kontakt med Bente Bjotveit  tlf: 950 88 757. Meir info kjem.
Ved akutte hendingar og utrykkingskøyrety som skal forbi ta kontakt med Entreprenør Magnar Instanes tlf : 917 39 864
 

Starta for deg sjøl?

Etablerersenteret held etablerarkurs og gjev rådgjeving til etablerarar, gründerar, oppstartsbedrifter og entreprenører. Treng du hjelp til å koma i gang med din forretningsidé eller videreutvikla ei etablert bedrift? Vi har breid erfaring innan forretningsplanlegging.

Etablerersenteret er det offentlige sitt tilbod til gründerar. Det er finansiert gjennom eit spleiselag med Hordaland fylkeskommune og 19 kommunar i Hordaland.

Du kan finna ut alt om oss her!

Avløp

Me minner om at det berre er toalettpapir og ekskrement som skal spylast ned i do. Eingongsklutar, våtserviettar, tørkepapir, serviettar, og sjølvsagt større gjenstandar, fører til pumpestopp i avløpsnettet. Pumpestopp kan m.a. medføra ureining for miljøet, og ekstraarbeid for teknisk utanom arbeidstid. Ekstraarbeid medfører høgare kommunale avgifter for dykk som abonnentar. Sjå gjerne  www.dovett.no for meir informasjon.

Side 15 av 23