Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1
  • 2

Emneord

Utstilling i Nærbutikken på Grimo

Elevane som går på visuell kunst i Ullensvang musikkskule stiller ut nokre av arbeida sine i Nærbutikken på Grimo. Utstillinga opnar torsdag 13. juni kl. 17:00. Musikalske innslag ved Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes og Karina Reisæter på hardingfele.

Gratis inngang

Vel møtt til utstilling !

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019.

Mange som ikkje søkjer

Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Vi ønskjer å nå fleire

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.

Les meir: Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Gratis ferietilbod til barnefamiliar i Ullensvang Herad

Ullensvang herad v/ Nav og Flyktningtenesta ynskjer å invitera barnefamiliar med på ferietur til Dyreparken i Kristiansand. Me ynskjer at alle skal ha mogelegheit til å reise på ferie, og oppleva gode ferieminner saman med familien sin. Ferietilbodet skal bidra til sosial deltaking ,venskap og inkludering.
Søknadane vert vurdert og prioritert etter den einskilde familien sitt behov.

Les meir: Gratis ferietilbod til barnefamiliar i Ullensvang Herad

Oppstart av permanent kloring ved Kinsarvik og Syreflot vassverk

Det vert oppstart av permanent kloring ved Kinsarvik vassverk og ved Syreflot vassverk den 20. mai. Årsaka er at me treng to hygieniske barrierar for å ha ei sikker vassforsyning då råvatnet kjem frå elver som kan innehalda mykje bakteriar. Frå før av har me UV- anlegg, men for å sikre med 2 barrierar må me ha kloring i tillegg. Dersom ein av barrierane skulle svikte, vil den andre kunne gje god nok kvalitet med omsyn til bakteriar. På litt lengre sikt er det ynskjeleg å erstatte kloring med eit nytt UV- anlegg ved begge vassverka. Det er ikkje nokon fare med å drikke klora vatn, snarare tvert om. Det blir dosert svært låge mengder, som vi vonar ikkje skal vere merkbart for dei aller fleste av abonnentane våre.

Venleg helsing Teknisk drift

KORKAFÈ

SYNGJANDE KOMMUNAR

Kor i Vest inviterer til songstund  med alle kora i NYE ULLENSVANG KOMMUNE

  • ONSDAG 24. APRIL
  • Hauso Samfunnshus kl.18.00

Korsong, allsong og eitt loddsal

Kaffi og kaker på billetten

Inngang: kr 100/50

Velkomne!

Side 2 av 22