Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1
  • 2

Emneord

Rullering av handlingsplan for idrett- og friluftsliv for perioden 2019 og søknad om tilskot

Spelemidlar - Innspel til nye tiltak til idrett- og friluftsplan 2019

Ullensvang herad skal rullera handlingsplan for idrett- og friluftsliv for perioden 2019. Me ber om innspel frå idrettslag, nærmiljøorganisasjonar og andre om framlegg til nye nærmiljø- eller idrettsanlegg for heradet.

Les meir: Rullering av handlingsplan for idrett- og friluftsliv for perioden 2019 og søknad om tilskot

Mobbeombodet i Hordaland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på telefon (404 01 557) eller e-post (Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.). Du kan følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook (www.facebook.com/mobbeombodet).

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.hordaland.no/mobbeombod.

Vassrestriksjonar - hagevatning

Inntil vidare er det ikkje lov å nytta hageslange, dryppslange, spreiar og anna vatningsutstyr til vatning og vasking som krev større mengder vatn. Vatning med kanna er lov.

Restriksjonane er innført på grunn av langvarig varmt ver, lite nedbør, mindre vatn i vasskjeldene og høgt vassforbruk.  Restriksjonane skal sikra trygg drikkevassforsyning og tilstrekkeleg slokkevatn ved eventuell brann.

Landbruksføretak er inntil vidare unnateke frå restriksjonane, men me ber dykk om å vatna på nattestid og vurdera omfanget.

Restriksjonane gjeld til nytt varsel vert gjeve. Restriksjonane gjeld i første omgang for det kommunale vassverket på Legena.  Andre restriksjonar kan gjelda ved private vassverk.

Vatningstips:

  • Sjeldan vatning gjev robust plen med djupt rotsystem. Plenen vert betre rusta mot tørke.
  • Dekk til jord. Grasklypp, bork e.l held fukta i jorda og reduserar fordamping.
  • Blomar bør vatnast regelmessig. Unngå å vatna midt på dagen. Når sola skin, vil vatnet fordampa fort.

Utbetring av fylkesveg 108 – Husevegen i 2018

Fylkesveg 108 som går frå riksveg 13 og opp til elva ved skytebanen skal utbetrast i løpet av hausten 2018. Arbeidet er venta å starta opp 1. september.

Arbeidet som skal utførast er forsterking av veg kroppen, utbetringar av setningar, nytt rekkverk og utbetring av asfaltdekke. Utover dette vert det lagt nytt dreneringssystem på strekninga. Dette vil bety at brukarane av vegen vil merka at vegen i korte periodar vil væra mindre tilgjengelig. Dette medfører korte stengingar, og eventuell omkøyring. Det er ikkje planlagt for lengre stengingar. Eventuelle stengingar vert varsla på førehand. Me ber og bebuarar og brukara av vegen visa hensyn til anleggsområde i perioden arbeidet pågår og farane knytt til dette.

Dette håpar me vert eit tiltak brukarar og bebuarar langs vegen sett pris på, og ein etterlengta utbetring av vegen.

Prosjektet er planlagt fullført i slutten av desember 2018.

 Kontaktperson for Statens vegvesen:

Byggeleiar, Åsmund Andersen Sekse, tlf. 412 42 571

Side 10 av 22