Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • 1

Emneord

Jodtablettar i sal no.

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har heimebuande barn? Då råder vi deg til å ha jodtablettar heime. Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Frå 1. november vil reseptfrie jodtablettar vere til sals på norske apotek. 

Du finn også meir informasjon om jodtablettar på www.stralevernet.no (ny adresse frå 1.1.2019:www.dsa.no) og www.helsenorge.no

Kurs i alkohollova

Opplæring for grendahus, grendalag, andre lag og organisasjonar (arrangørar, skjenkestyrar og vakter)

Tysdag 20.11.18     17.00 – 20.00

I kommunestyresalen, Odda.

I samsvar med vedteken rusmiddelpolitisk handlingsplan, og «Retningsliner for bygdafester og arrangement på grendahus» av 25.09.17 arrangerer Ullensvang herad, i samarbeid med skjenkekontrollen og politiet, kurs i alkohollova.  Andre tema vert m.a. beredskap og konfliktløysing. 

For å kunne få skjenkeløyve til einskilde arrangement på grendahus og lignande må minst ein av vaktene ha gjennomført 3 timars vakt/skjenkekurs.

Kurset er gratis. Ingen prøve skal avleggast.

Her finn du Retningsliner for bygdafester og arrangement på grendahus

Les meir: Kurs i alkohollova

Personvern i nye Ullensvang kommune.

Ullensvang kommune har ei rekke oppgåver og skal levere ei rekke tenester. Uavhengig av format og innhald, vil all informasjon på eit eller anna tidspunkt bli behandla elektronisk.

Personvernombod (PVO) vil bidra til at Ullensvang kommune etterlever dei juridiske krava til korleis personopplysningar skal bli behandla og kontrollerte.

PVO skal og vera bindeledd mellom kommunen og den registrerte i spørsmål om den registrerte sine rettar.

PVO vil medverke og vere ein ressurs slik at Ullensvang kommune syt for at tilsette og innbyggjarar sine personopplysningar blir behandla på rett måte.

CATO UNDERHAUG ER TILSETT SOM PERSONVERNOMBOD. Har du spørsmål?

Kontaktinformasjon:

Cato  Underhaug

Mobil: 90 16 05 29

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Per post: Personvernombud, Folgefonnvegen 2, 5627 Jondal

Voldtektsmottaket

Vi tilbyr akutt hjelp, samtale og undersøking til alle over 14 år som nyleg har opplevd eit seksuelt overgrep.
Slik hjelper vi deg
Voldtektsmottaket er eit døgnope akuttilbod som tilbyr undersøking inntil 1 veke etter at overgrepet er skjedd. Tilbodet er gratis.
Du kan ta kontakt med oss via sentalbordet ved Haugesund sjukehus (telefon 52 73 20 00), via politiet (telefon 02800) eller lokal legevakt (telefon 116 117). Det er ikkje eit krav at hendinga skal vere meldt til polititet for at du kan ta kontakt med oss.
Hos oss møter du gynekolog, sjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har teieplikt og deler ikkje informasjon utan ditt samtykke. Vi gjennomfører ei gynekologisk undersøking med sporsikring. Bevismateriale blir oppbevart i seks månadar.
Tilbodet dekker alle kommunane i Helse Fonna sitt opptaksområde, unntatt Jondal som nyttar seg av Bergen sitt voldtektsmottak.
Nettside:
https://helse-fonna.no/avdelinger/voldtektsmottaket#slik-hjelper-vi-deg

Side 9 av 23