Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Mellombels busstopp, Lofthus

Frå og med måndag 4. september vert det endring på av- og påstigningspunkt til bussane på Lofthus. Dagens busstopp vert stengt og det vert etablert mellombels busstopp på begge sider av riksvegen ved Krossvoll. Skuleruta måndags morgon til Kinsarvik vert køyrt som vanleg og endringa tek til å gjelde ved neste avgang. Det kjem ny melding når endringa vert oppheva.

Orsaka til endringa er at heradet skal til med lastebiltransport til utvidinga av sentrum. Det er ikkje råd å ha ein sikker utføring av denne jobben, samstundes som vanleg køyremønster for bussane skulle oppretthaldast. Tilkomst til butikk og hurtigbåten vert oppretthalde. Det vert skilta med anleggsområde straks ein tek av frå riksvegen. Me ber om at alle tek omsyn til at det vert anleggstrafikk på dette området, slik at me unngår ulykker.

Kart (PDF)

Spørjeundersøking

I samband med at «Bulyst og bukvalitetar i Hardanger» vert eit hovudtema for årets Hardangerkonferanse 15.–16. november i Norheimsund, ynskjer vi å stille nokre spørsmål til personar som anten bur i Hardanger og pendlar ut av regionen - eller som pendlar inn til ein kommune i Hardanger og som ikkje bur i regionen. Alle som er i denne målgruppa vert med dette inviterte til å svare på spørjeundersøkinga og med det ta del i trekkinga av eit reisegåvekort til ein verdi av 5.000 kr.

Meir informasjon og spørjeundersøkinga finn du på www.hardanger.com

Fruktlageret på Utne

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12  vedtok Ullensvang heradsstyre i møte 26.06.2017 detaljreguleringsplan for fruktlageret på Utne, planid 12312016001, slik det går fram av plankart, føresegner og planomtale. Føremålet med planen er å leggje til rette for utviding av eksisterande fruktlager.

Dokument:

folder Utne fruktlager

Me har skifta bank

BankskiltUllensvang herad har frå 01.07.2017 skifta frå Sparebanken Vest til Sparebank 1 SR-Bank. I samband med dette har me fått nye bankkontonumre.
For rekningar skal bankkonto som står på faktura brukast. For andre innbetalingar til heradet skal bankkonto 3201.23.02869 brukast.

 

Nytt frå regionrådet

Spørjeundersøkelse for pendlarar

I samband med at "Bulyst og bukvalitetar i Hardanger" vert eit hovudtema for årets Hardangerkonferanse 15.-16. november 2017 i Norheimsund, ynskjer me å stilla nokre spørsmål til personar som anten bur i Hardanger og pendlar ut av regionen - eller som pendlar inn til ein kommune i Hardanger og som ikkje bur i regionen.
Alle som er i denne målgruppa vert med dette invitert til å svare på spørjeundersøkinga og med det ta del i trekkinga av eit reisegåvekort til ein verdi av 5.000 kr.

Her er spørjeundersøkelsen

Side 19 av 23