Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Vegstenging ved Grimo bru frå 4. desember

Vegstenging pga. ny bru Grimo
Vegen vert stengd rett sør for avkøyrsla til Bergtun (Grimo bru/Råena) frå og med 4. desember og ut januar. Brua skal fornyast og av den grunn vert vegen stengd for all trafikk. Området vert fysisk stengd med byggegjerde. Gåande og syklande må då evt bruka Rv 550.
Ved spørsmål kontakt Bente Bjotveit på tlf: 950 88 757.
Helsing Teknisk

Prosjekt «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder»

Ullensvang Herad starta våren 2017, i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune, prosjektet «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Prosjektet er styrt av Miljødirektoratet og målsettinga er at alle kommunar i Noreg skal ha gjennomført kartlegginga før 2018.
 
Resultatet av arbeidet er eit temakart som viser dei registrerte friluftsområda og kva bruk områda vert nytta til. Gjennomføring av prosjektet vil mellom anna generere nyttig bakgrunnsinformasjon for sakshandsaming og planlegging i kommunen. Kunnskap om friluftsliv vil òg vere viktig for kommunen når det gjeld prioritering av ressursbruk, tilrettelegging og motivering til friluftslivsaktivitet i lag med andre temakart.
 
Ullensvang herad ynskjer hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auka kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål, og såleis ta vare på befolkninga sine moglegheiter til å driva eit variert friluftsliv, både i nærmiljøet og i naturen elles.
Les meir: Prosjekt «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder»

Brattespevegen, vegstenging

På grunn av arbeid på mur ved Buanes vert vegen stengt mellom 08:00 og 15:30 kvar dag frå og med måndag 27.11.17. Arbeidet er venta å ta 6-7 veker. Det vert ikkje stenging i julaferien. Mogleg omkjøringsveg for mindre kjøretøy er gamle Melandsvegen til Espe. Ved akutte behov for opning ta kontakt med Magnar Instanes på tlf: 91739864. Ved andre spørsmål ta kontakt med Bente Bjotveit på tlf: 95088757.

Helsing teknisk

Gjenbruksbrakka opnar!

Gjenbruksbrakka i Kinsarvik har offisiell opningsdag Torsdag 23. november.

Opningstida er frå 14.00 til 18.00. Det vert sal av kaffi, saft og kaker. Me held til i aktivitetshuset (den tidlegare barnebasen ved Ullensvang Innvandrarsenter). Sjekk ut «Gjenbruksbrakka i Kinsarvik» på facebook for meir informasjon.
Håpar me ser deg der!

Legena vassverk er på att.

Då er vatnet attende på Elvaflot. Me har funnet lekkasjar i området mellom barnehagen og Dalsbrua. Vassverket er attende i normal drift. Me kjem me ny informasjon når me skal utbetra lekkasjane. Me orsakar for ulemper arbeidet har ført til.

Adresseringsprosjektet i Ullensvang herad

I samband med adresseringsprosjektet i Ullensvang herad reiser Kartverket og heradet namnesak for nokre namn for å få avklart rett skrivemåte før dei vert tekne i bruk i avleidde adressenamn. Kartverket tek samstundes med nokre andre stadnamn som treng avklaring av skrivemåten eller formalisering for offentleg bruk.

Oppstart av namnesak 2017234 - Litlåsen m.fl. - Ullensvang herad(400211) (PDF)

Oppstart av namnesaker i Ullensvang herad(403219) (PDF)

Side 17 av 23