Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

BRUKARUNDERSØKING

Legekontora i Ullensvang herad vil gjennomføra ei brukarundersøking frå veke 4. Me vil ha svar frå 100 pasientar, og gjer dette for å få rask tilbakemeldingar på korleis pasientane våre opplever tenesta dei får ved kontoret. Svara vil me vil bruka til å forbetra tenestene slik at pasientane våre skal få betre tenester.

Så hjelp oss med å verta betra.

Lofthus og  Utne legekontor

Rassikring i Raudberg frå torsdag 11.01.2018

På grunn av arbeid med rassikring i Raudberg mellom Djønno- Tjoflot vert vegen stengt mellom 08:30 og 20:00 kvar dag frå måndag-laurdag og med oppstart torsdag 11.012018.

Arbeidet er venta å ta ca 4 veker. Ved akutte behov for opning ta kontakt med Robert Haider(Norsk Bergsikring) på tlf: 955 20 367. Ved andre spørsmål ta kontakt med Bente Bjotveit på tlf: 95088757.
Det vert teke omsyn til opning for skuleruta, arbeidskøyring(morgon og ettermiddag),post og bosskøyring.

Innskriving i skulen og søknadsfristar SFO, barnehage, farleg skuleveg.

Innskriving i skulen
vert måndag 15. januar. Eige brev vert sendt til kvar ny elev.

Skulefritidsordninga 2018/2019
Frist for søknad om plass i SFO 2018/19 er 1. februar 2018.

Særleg farleg skuleveg 2018/2019
Søknadsfristen for søknad om gratis skuleskyss ved særleg farleg skuleveg er 05.02.2018. Søknaden må grunngjevast og sendast til: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Barnehageopptak 2018/2019
Frist for søknad om barnehageplass 2018/2019 er 1. mars 2018.

Dei som har plass i barnehage/SFO inneverande år, og som ikkje ynskjer endring av dagar, treng ikkje senda inn ny søknad. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på https://e-skjema.no/ullensvang/

“Gamlevegen” på Aga

Til orientering

Frå 01.01.2018 vert “gamlevegen” på Aga ned klassifisert frå fylkesveg til kommunal veg. Så tiltak langs og på vegen må no takast via heradet. Heradet har soleis ansvar for drift og vedlikehald av vegen.

Registreringsplikt for å selje tobakk og tobakkssurrogat

Alle som sel tobakk og tobakkssurrogater, til dømes e-sigaretter, må registrera seg innan 31. desember 2017. Kommunen skal føra tilsyn med tobakkssalet. Registreringsplikta omfattar ikkje nettsal.

 Tobakkssalgsregisteret er offentleg og skal gje oversikt over:

  • Lovlege salsplassar og grossistar av tobakksvarer og tobakkssurrogater.
  • Kva salsplassar og grossistar det lovleg kan omsettas tobakksvarer og tobakkssurrogater til og frå.
  • Kva salsplassar og grossistar det skal førast tilsyn med.

Les meir om ordninga her. (helsedirektoratet.no)

Les meir: Registreringsplikt for å selje tobakk og tobakkssurrogat

No er tida inne for å lesa av vassmålaren

Ullensvang herad sender i desember ut varsel om avlesing av vassmålar. Svar på tilsendt SMS. Skriv målarstand utan desimaltal. Avlesingskort vert sendt til dei som systemet ikkje får treff på mobilnummer. Dei som får avlesingskort kan registrera avlesinga på www.leseav.no eller returnere svarslipp til heradet. På leseav.no kan du legge inn mobilnummer som du ynskjer at heradet skal bruka til å varsle på sms ved neste avlesing. Dersom avlesinga ikkje vert utført til fastsett tid, vert eigedomen fakturert for eit ekstragebyr.

For meir info: pdf Info om vassmålar (153 KB)

Side 16 av 23