Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Foredrag om naturfilosofi

I november har biblioteka i Hardanger og på Voss fokus på klima og miljø. I nest siste veke i november inviterer Kinsarvik, Eidfjord, Odda og Voss til foredrag om naturfilosofi. Mange tenker kanskje at det høyrest vanskeleg og høgttravande ut. Difor har me fått Sigurd Hverven til å halda foredrag på ein jordnær måte. Han er doktorgradsstipendiat i filosofi ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim.

Les meir: Foredrag om naturfilosofi

OPPSTART PLANARBEID

I medhald med Plan- og bygningslova § 12-8 varslar Norconsult AS på vegne av Ullensvang herad, oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for del av gnr 70 bnr 5, gnr.71 bnr.5,8 og 9
Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av ny brannstasjon samlokalisert med utsalsplass for frukt og bær og innpassing av to naust.
Avgrensing av planområdet er synt på kartutsnitt
nedanfor.
Varslingsbrev med vedlegg er tilgjengeleg i Ullensvang herad, på kommunen si nettside og på www.norconsult.no/aktuelt/kunngjoringer. Grunneigarar og naboar vert varsla direkte.
Me ber om at innspel til planarbeidet vert sendt innan 16.12.2019 til:
Norconsult AS, Skulegata 11A, 5700 Voss
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Tlf: 932 93 190

Dokument (PDF):

Brev, Melding om oppstart

Skisse, disponering av området

Vurdering av plassering

Notat frå oppstartsmøte 25.10.19

Skredfarevurdering

 

UV i serie Kinsarvik og Syreflot vassverk - framdrift

Forventa framdrift for å få UV i serie, og dermed kunne sløyfe permanent kloring er slik:

  • Kinsarvik vassverk: Kontrakt med entreprenør før nyttår. Oppstart i januar 2020. Ferdigstillelse februar-mars 2020.
  • Syreflot vassverk: Lage skisseprosjekt i nov 2019 - februar 2020. Anbod ut i april 2020. Oppstart sommar 2020. Ferdig haust 2020.

Spørsmål kan rettast til: Torstein Backer-Owe, epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., tlf 97 55 86 01

OBS! Avlesing av vassmålarar 2019 og endring av forfallsdato kommunale eigedomsgebyr

(vatn, avløp, slam, feiing, renovasjon og eigedomsskatt)

På grunn av kommunesamanslåing vert forbruket av vatn og avløp stipulert i 2019 for dei som har vassmålar. Du treng altså ikkje rapportera inn vassmålarstand til kommunen i desember 2019. Har du spørsmål eller ynskjer rundt dette, ta kontakt med Odda kommune v/ Kari Selje tlf. 948 27 477 eller Ullensvang herad v/ Trude Osmo tlf. 906 34 760. Jondal kommune har lest av vassmålarar og er ferdig fakturert.

Det vert endring på forfallsdato på kommunale eigedomsgebyr i Odda kommune på grunn av overgang til nytt system. Forfallsdato vert flytta frå 20. desember til 2. desember! Siste faktura i Ullensvang herad går som vanleg med forfall 20. november.

Eigedomsavdelinga

Frå tysdag 1. oktober vil Magne Eivind Moe på Eigedomsavdelinga ha noko redusert "opningstid".

Han vil vera tilgjengeleg og kan nåast på telefon måndag, onsdag og fredag. Tysdag og torsdag vil vera sakshandsamingsdagar og han vil då ikkje kunna nåast på telefon.

Dersom noko hastar på desse dagane, bed me om at det vert sendt Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Folkebadinga startar opp att.

Folkebadinga startar opp att i oktober slik det er sett opp nedanfor.

Prisar: Born/honnør kr 30   Vaksne kr. 50

Folkebading Hauso start 7. oktober
Måndag
16.30-18.30 Familiebading
1830-20.00 Helsebading/pensjonistar
Onsdag
17.00-18.15 Jenter/gutar 4-7 kl.
18.30-20.30 Jenter/gutar 8-10 kl. og damer/menn

Temperaturen i bassenget på Hauso vert 32 grader på måndagane.
Siste opningsdag før jol vert onsdag 18. desember 2019
Oppstart etter jol vert onsdag 6. januar 2020
Bassenget er ope til og med onsdag 1. april 2020
Bassenget er stengt i skuleferiane (vinterferie veke 8)


Folkebading Kinsarvik start 15. oktober
Tysdag
17.00-18.30 Familiebading m/føresette
18.30-19.30 Jenter 5.10 kl. og damer
Torsdag
17.00-18.30 Familiebading m/føresette
18.30-19.30 Gutar 5.10 kl. og menn

Bassenget er opne fram til og med veke 13 i 2020 om ikkje anna vert kunngjort.
Bassenget er stengt i skuleferie.

Prisar: Born/honnør kr 30
Vaksne kr. 50

Side 1 av 23