Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Read More
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Read More
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Read More
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Read More
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Read More
  • 1

Emneord

Bruk av fyrverkeri på nyttårsaften

Politi og brannvesen oppmodar om å vise stor varsemd ved bruk av fyrverkeri. Både bakkefyrverkeri og stjerneskot kan gje alvorlege skadar om det vert brukt på feil måte.

Auger og ansikt er spesielt utsett for skader, BRUK VERNEBRILLER!

 

Hugs også vernebriller til små og store som skal vere i nærleiken av fyrverkeri.

Bruk av fyrverkeri er berre lov på nyttårsaften mellom klokka 18.00 og 02.00. Det skal ikkje brennast av fyrverkeri, uansett klasse, dersom det kan oppstå fare for brann eller personskade.

I Noreg er det totalforbod mot å skyte opp rakettar med styrepinne. Bruk av naudrakettar er alltid forbode dersom det ikkje er ein reell naudsituasjon.

Det er ikkje lov å sende opp flygande lanterner.

Flygande lanterner med tent flamme utgjer ein brannrisiko. Brannsjefen i Odda og Ullensvang viser til dei generelle vedtaka om aktsemd i brann- og eksplosjonsvernlova, og forbyr all bruk av desse.

Sender ein ei lanterne opp i lufta har ein ingen kontroll på flammane, og det er umogleg å styre kvar den landar. Lanterna kan difor antenne ein brann utan at ein veit om det.

 

10 gode råd om bruk av fyrverkeri

  •  Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid og finn ein egna stad til avfyringa
  • Les bruksanvisninga nøye før bruk
  • Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada
  • Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta
  • Bruk vernebriller og tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme
  • Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og kome deg på trygg avstand
  • Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved fyrste forsøk
  • Hald god avstand frå oppskytinga
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
  • Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal returnerast til forhandlar. Brannvesen, politi, eller gjennvinningssstasjonar tar ikkje imot dette.