Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Forbod mot fyringsolje i hushald

Som kjent har regjeringa vedteke forbod mot fyring med fossil olje i hushald og som grunnlast elles frå 2020 i Noreg. Forbodet vil i gjennomsnitt redusera klimagassutslippa med 340.000 tonn CO2 årlig i perioden 2016 - 2035.

 

I praksis vil dette sei at oljefyringsanlegget må byttast ut med anna type oppvarmingskjelde. På grunn av fare for lekkasje må tankane som er tilknytt fyringsanlegget gravast opp og fjernast. Om dette ikkje lar seg gjera kan det tillatast å tømme tanken, reingjera den og fylle den med sand, grus eller liknande.

Minner om at dette er huseigars ansvar. Enova kan gi støtte til fjerning av oljetank og utskifting av oljefyringsanlegg ut 2019. Les meir på Enova sine nettsider her. https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/fjerne-fossil-oppvarming/

For meir informasjon om framgangsmåte og bytte til passande alternative oppvarmingkjelder, sjå Oljefri.no: https://oljefri.no/

Forskrifta om forbodet kan lesast i si heilheit her. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-06-28-1060