Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Viktig informasjon om stenging av matrikkel og grunnbok

I samband med gjennomføringa av kommune- og regionsreforma, vert matrikkelen og grunnboka stengt i periodar i desember 2019.

 

Matrikkelen og grunnboka vert stengt for all oppdatering i alle landets kommunar i tidsromma:

Matrikkelen: 13.12.19 kl. 18:00 - 01.01.20 kl. 24:00 (totalt 9 virkedagar).

Grunnboka: 27.12.19 kl. 20:00 - 01.01.20 kl. 24:00 (totalt 1 virkedag).

For å redusera risikoen og sikra kvaliteten på gjennomføringa, oppmodar Kartverket at kommunane i størst mogleg grad behandlar ferdig alle saker som skal sendast for tinglysing innan 29. november.

Særleg om føring av konsesjonsopplysningar

Stenginga av matrikkelen innebærer også at konsesjonsmodulen vert stengt for registrering av konsesjonsvedtak og eigenfråsegner om konsesjonsfritak. Alle eigenfråsegnsskjema som kommunen har fått inn og stadfesta tidlegare, og alle konsesjonsvedtak som er gjort må vera registrert i konsesjonsmodulen innan fredag 13. desember kl. 18:00.

Kommunen må organisera arbeidet med eigenfråsegner som kommunen får inn og konsesjonsvedtak som blir gjort i tidsrommet 13.12.2019 - 01.01.2020. Kontakt kommunen for rettleiing i denne prosessen.