Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Gruppetrening med fysioterapeut i Fjordahallen

Me startar opp att med gruppetrening leia av fysioterapeut i Fjordahallen i Kinsarvik! Treninga vil føregå i ei gruppe på 8-12 personar med fokus på styrketrening med innslag av balanse- og rørsletrening. Gamle og nye deltakarar er velkomne til å melde seg på.

 

Kven kan delta? Treninga passar for deg som ynskjer å koma i gong med trening og kan vere hjelp til å starte trening og bli rusta til å halde fram på eiga hand etterpå. Ulike døme på kven treninga kan vere aktuell for: Pensjonistar som ynskjer å oppretthalde eit godt funksjonsnivå inn i alderdomen, folk med muskel/skjelett-plager, folk med ynskje om auka fysisk kapasitet, menneske med ynskje om livsstilsendring, folk som står i fare for sjukemelding/uføretrygd av ulike grunnar (fysisk og/eller psykisk), der det er hensiktsmessig med trening for å oppretthalde ein god kvardag og best mogleg funksjonsnivå, osb. Dersom du lurer på om det er noko for deg, er det berre til å ta kontakt.

Stad: Fjordahallen i Kinsarvik.

Tidspunkt: Måndagar klokka 09.30-10.30. Oppstartsdato er planlagd til 23.11.19, men dette er avhengig av kor mange som melder seg på. Dette får du meir informasjon om ved påmelding.

Påmelding: Påmelding skjer til fysioterapeut Ida Urheim på telefonnummer 468 94 256, eller ved å sende e-mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Påmelding gjev ikkje garantert plass i gruppa. Ved stor pågang vert dei med størst behov prioritert fyrst.

Pris: 55 kr per gruppetime. Det vert ført oppmøte, og du får ein faktura i posten etter endt gruppetreningsperiode.

Generell informasjon:

Dersom du har fått plass i ei gruppe varer denne treningsperioda i 10 veker.

 

Ida Urheim

Fysioterapeut

Ullensvang Herad

Tlf: 46894256

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.