Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Gruppetrening med fysioterapeut i ungdomshuset på Nå

Me startar opp att med gruppetreningar i ungdomshuset på Nå!


Gruppetreninga vert leia av fysioterapeut, og vil føregå i ei gruppe på 6-8 personar med fokus på styrketrening, balansetrening og rørsletrening. Dette er eit lågterskeltilbod der alle yter det ein kan, og målet er at alle deltakarane vert utfordra på sitt nivå.

Kven kan delta? Treninga passar for deg som ynskjer å koma i gong med trening, og kan vere hjelp til å starte trening og bli rusta til å halde fram på eiga hand etterpå. Ulike døme på kven treninga kan vere aktuell for: Pensjonistar som ynskjer å oppretthalde eit godt funksjonsnivå inn i alderdomen, folk med muskel/skjelett-plager, folk med ynskje om auka fysisk kapasitet, menneske med ynskje om livsstilsendring, folk som står i fare for sjukemelding/uføretrygd av ulike grunnar (fysisk og/eller psykisk), der det er hensiktsmessig med trening for å oppretthalde ein god kvardag og best mogleg funksjonsnivå, osb.

Stad: Nå ungdomshus, i underetasjen.

Tidspunkt: Onsdagar klokka 12.00-13.00. Oppstartsdato er planlagd til 11.09.19, men dette er avhengig av kor mange som melder seg på. Dette får du meir informasjon om ved påmelding.

Påmelding: Påmelding skjer til fysioterapeut Ida Urheim på telefonnummer 46894256, eller ved å sende e-mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Påmelding gjev ikkje garantert plass i gruppa. Ved stor pågang vert dei med størst behov prioritert fyrst.

Pris: 55 kr per gruppetime. Det vert registrert oppmøte på alle gruppetreningane, og du får faktura i posten når gruppetreningsperioda er ferdig.

Kontakt:

Ida Urheim

Fysioterapeut

Ullensvang Herad

Tlf: 46894256
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.