Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Gruppetreningstilbod med fysioterapeut hausten 2019̈́

Med førebehald om endringar!

 

Fallførebyggande balansegrupper

  • Dagtilbodet på Bråvolltunet tysdagar og torsdagar
  • Dagtilbodet på Utneheimen torsdagar

Målgruppe: Menneske som bur heime eller i omsorgsbustad som anten er redde for å ramla, har opplevd fall før, eller merkar at balansen byrjar å verta litt dårlegare. Målet er at deltakarane skal kjenne seg trygg på to bein og meistre kvardagen heime, vere mest mogleg sjølvstendig i kvardagslege oppgåver og vere i stand til å bu lengst mogleg heime. Gruppetimane finn stad på sjukeheimane i dagtilbod-tida, men ein treng ikkje vere aktiv deltakar på dagtilboda for å få plass i treningsgruppa. Sjå kontaktinfo dersom du ynskjer å delta.

Kom i gang med trening – gruppe

  • Tunvoll trimstove på Lofthus
  • Fjordahallen treningsrom i Kinsarvik
  • Fjordahallen i Kinsarvik (med førebehald om kapasitet)
  • Nå ungdomshus
  • Grimo treningssenter (med førebehald om kapasitet)
  • Vines skule (Ved nok påmelde)

Målgruppe: Treninga passar for deg som ynskjer å koma i gong med trening og kan vere hjelp til å starte trening og bli rusta til å halde fram på eiga hand etterpå. Ulike døme på kven treninga kan vere aktuell for: Pensjonistar som ynskjer å oppretthalde eit godt funksjonsnivå inn i alderdomen, menneske med muskel/skjelett-plager, menneske med ynskje om auka fysisk kapasitet, menneske med ynskje om livsstilsendring, menneske som står i fare for sjukemelding/uføretrygd av ulike grunnar (fysisk og/eller psykisk), menneske som er uføretrygda/sjukemelde av ulike grunnar (fysisk og/eller psykisk), der det er hensiktsmessig med trening for å oppretthalde ein god kvardag og best mogleg funksjonsnivå. Innhaldet i treninga vil variere noko i forhald til lokalitet, utstyr og deltakarane sine forutsetningar, men ha fokus på styrketrening, balansetrening og uthaldstrening.

Bassengtrening

  • Bassenget på Kinsarvik Skule

Målgruppe: Personar med muskel/skjelettplager, fare for uføretrygd/sjukemeldingar av ulike grunnar, kroniske sjukdomar/plager, overvekt, revmatisme eller anna. Inaktive personar som ynskjer å auke aktivitetsnivået og er glad i bassengtrening. Personar med ynskje om å betra fysisk kapasitet.

Gruppe for menneske med funksjonshemming – i samarbeid med Bråto

Trening i Fjordahallen med fokus på meistring, auka fysisk aktivitet og rørsleglede med hovudvekt på koordinasjon, styrke- og uthaldstrening.

Generell informasjon:

Organisering:

Alle gruppene vil føregå ein gong vekentleg i ei treningsperiode på 10-12 veker i små grupper på 6-10 personar. Treningane vil i hovudsak føregå ei gong mellom klokka 08.00 og 15.00 på dagtid, med oppstart i september. Når det er nok påmelde deltakarar får du informasjon om nøyaktig oppstartstidspunkt.

Påmelding:

Påmelding til gruppetreningane skjer ved å ringe fysioterapeut Ida Urheim på telefon 468 94 256 eller sende email til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Ved stor pågang vil dei personane med størst behov verta prioriterte til treninga.

Betaling:

Gruppetreninga vil stort sett koste 55 kroner gongen. Det blir ført oppmøte på treningane, og sendt faktura til deltakarane i ettertid av treninga. Dette får du meir informasjon om ved påmelding.

Kontaktinformasjon:

Ida Urheim

Fysioterapeut

Ullensvang Herad

Tlf. 46894256

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Kva

(Med førebehald om endringar)

Oppstart

(Med førebehald om endringar)

Balansegruppe ved dagtilbodet på Bråvolltunet * 2

Tysdagar og torsdagar

Oktober 2019

Balansegruppe ved dagtilbodet på Utneheimen

Torsdagar

September 2019

Kom i gong med trening i Fjordahallen

Måndagar kl. 09.00-10.00

Oktober 2019, med førebehald om kapasitet.

Kom i gong med trening på Nå ungdomshus

Onsdagar kl. 12.00-13.00

September 2019

Bassenggruppe Kinsarvik

Måndagar kl. 15.30-16.30

September 2019

Kom i gong med trening på Fjordahallen styrketreningsrom

Onsdagar kl. 09.00-10.00

Oktober 2019, med førebehald om kapasitet.

Kom i gong med trening på Tunvoll treningssenter

Tysdagar kl. 09.00-10.00

September 2019

Gruppetrening for menneske med psykisk utviklingshemming.

Måndagar 14.00-15.00

September 2019

Kom i gong med trening på Vines skule.

Torsdagar 09.30-10.30

Ved nok påmelde