Gruppetrening med fysioterapeut på Tunvoll trimstove!

Det vert gruppetrening på Tunvoll trimstove under vegleiing av fysioterapeut.

 

Kven kan delta: Treninga er eit lågterskeltilbod som passar for innbyggarar med muskel/skjelettplager, folk som ynskjer å koma i gong med styrketrening, men kjenner seg usikre på korleis ein skal starta, inaktive personar som ynskjer å auka aktivitetsnivået sitt, eldre som vil trene førebyggande og oppretthalde eit godt funksjonsnivå, overvektige, eller andre som av ulike grunnar ynskjer å starte med trening.
Pris: Gruppetimen krevjer inngang på treningssenteret. Dersom du er medlem av treningssenteret nyttar du eige treningskort. Dersom du heller ynskjer å kjøpe Drop-in kan du betala 50 kroner kvar gong.

Tidspunkt: Tysdagar klokka 09.00 til 10.00. Oppstartsdato er avhengig av kor mange som melder seg på. Me tek sikte på å starta i september.

Generell informasjon: Treninga vil vektlegge styrketrening for heile kroppen og lett rørsletrening. Den blir individuelt tilpassa ditt nivå i samarbeid mellom deg og fysioterapeuten.

Målet er at du skal bli trygg på styrketreningsapparata, kjenne til grunnleggande treningsprinsipp, ha eit eige treningsprogram og vere rusta til å fortsette treninga på eiga hand. Etter treningsperioda blir opplegget evaluert og me diskuterer vidare trening.

Påmelding: Påmelding skjer til fysioterapeut Ida Urheim på telefonnummer 468 94 256, eller ved å sende e-mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Påmelding gjev ikkje garantert plass i gruppa. Ved stor pågang vert dei med størst behov prioritert fyrst.

Ida Urheim, Fysioterapeut

Ullensvang Herad, Tlf: 46894256

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.