Bassengtrening med fysioterapeut

Det vert gruppetrening leia av fysioterapeut i bassenget ved Kinsarvik Skule. Treninga vil føregå i ei gruppe på 6-8 personar med fokus på styrketrening, kondisjonstrening og rørsletrening.

 

Kven kan delta: Innbyggarar med muskel/skjelett-plager, overvekt, revmatisme, kroniske sjukdomar/plager, eller anna. Eldre som har opplevd funksjonstap eller inaktive personar som ynskjer å auke aktivitetsnivået sitt og betre sin fysiske kapasitet, osb. Ta kontakt dersom du er interessert og er usikker på om dette er noko for deg. Dersom det er stor interesse vil dei med størst behov bli prioritert.

Stad: Bassenget ved Kinsarvik Skule.

Tidspunkt: Måndagar klokka 15.30-16.30. Oppstartsdato er planlagd til 09.09.19, men dette er avhengig av kor mange som melder seg på. Dette får du meir informasjon om ved påmelding.

Påmelding: Påmelding skjer til fysioterapeut Ida Urheim på telefonnummer 46894256, eller ved å sende e-mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Påmelding gjev ikkje garantert plass i gruppa. Ved stor pågang vert dei med størst behov prioritert fyrst.

Pris: 55 kr per gruppetime. Det vert registrert oppmøte på alle gruppetreningane, og du får faktura i posten når gruppetreningsperioda er ferdig.

Generell informasjon: Dersom du har fått plass i ei gruppe varer denne treningsperioda i 10 veker. Etter dette vil det bli opna for nye grupper med nye deltakarar.

 

Ida Urheim

Fysioterapeut

Ullensvang Herad

Tlf: 468 9 4256

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.