Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1

Emneord

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019.

Mange som ikkje søkjer

Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Vi ønskjer å nå fleire

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden vår. Her finn de og informasjon om viktige endringar i forskrifta som gjev effekt frå søknadsåret 2019.

Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss på e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller 
telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser

For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfrist

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2019. 

Sentralledd har tidlegare frist

Merk at sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Må vere registrert i Frivilligregisteret

Alle mottakarar av mva. kompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret  innan 1. september 2019. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. 

Hugs at registrering kan ta litt tid