Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1

Emneord

Handlingsprogram for næring- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018 – 2019

– utlysing av midlar

Hordaland fylkeskommune lyser ut 36,7 millionar kroner i søkbare midlar til delfinansiering av næringsretta utviklingsprosjekt i Hordaland.

 

Det er mogleg å søke midlar til prosjekt innan regional næringsutvikling, til dømes entreprenørskap og innovasjon, lokalsamfunnsutvikling, næringsretta kompetanse og bransjeretta tiltak.

Prosjekta skal medverke til å nå måla i HNH 2018 – 2019. I 2019 har HNH tre særskilte satsingar med øyremerka tilskotsmidlar.

Tilskotsmidlar for integrering i Hordaland:

Hordaland fylkeskommune har for 2019 øyremerkt 1,5 millionar til aktivitetar som vil bidra til integrering av flyktningar gjennom deltaking i arbeidslivet. Vi oppmodar primært kommunar og interkommunale samarbeidsorgan til å søkje. Søknadsfrist 1. april.

For meir informasjon: www.hordaland.no/hnh-integrering

Tilskotsmidlar til omstilling av industrien i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har sett av 12,2 millionar kroner øyremerkt til omstil-ling av industrien i Hordaland. Midlane skal nyttast som utløysande delfinansier-ing av konkrete tiltak og prosjekt knytt til omstilling, auka digitalisering, industri 4.0, automatisering og vekst i bedrifter. Samarbeidsprosjekt mellom fleire bedrifter, eller på tvers av bransjar vil bli prioritert. Søknadsfrist 1.mai.

For meir informasjon: www.hordaland.no/omstilling

Tilskotsmidlar til grøn næringsutvikling i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har sett av 13,5 millionar kronar øyremerkt prosjekt innan grøn konkurransekraft med fokus på fornybar energi, satsingar som kan redusera klimautslepp og andre tiltak innan det «grøne» skiftet. Søknadsfrist 3.juni.

For meir informasjon: www.hordaland.no/gron-konkurransekraft

Rekruttering, likestilling og utvikling i landbruket

Hordaland fylkeskommune har 1,3 millionar til prosjekt som kan styrke rekrutte-ring til og kompetanseheving i landbruket i Hordaland. Søknadsfrist 15. april og 15.oktober.

For meir informasjon: www.hordaland.no/RULL

Kommunar, organisasjonar, institusjonar, klyngar og regionale utviklingsaktørar med brei lokal eller regional forankring kan søkje om støtte.

Vi oppmodar alle med gode prosjekt og tiltak til å ta kontakt med tilsette på Seksjon for nærings- og lokalsamfunnsutvikling.

For søknadsskjema og informasjon sjå: