Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • 1

Emneord

Tilskotsordningar i jordbruket våren 2019

Informasjon om tilskotsordningar i jordbruket våren 2019 i Ullensvang herad.

 

1. Søknad om produksjonstilskot i jordbruket – søknadsfrist 15. mars.

  • Fristen for å registrera del 1 av søknaden om produksjonstilskot er den 15. mars . Du kan starta med å registrera søknaden frå 1. mars. Teljedato er 1. mars, som vil seia at det er talet på dyr du har den 1. mars som er grunnlaget for utrekning av tilskotet til husdyr og for storleiken på det som kan refunderast i ordninga «Avløysing ved ferie og fritid» for 2018. Hugs at søknaden MÅ vera registrert i eSTil innan 15. mars. Denne søknadsomgangen er det berre dei som driv husdyrproduksjon som treng å registrera søknaden sin.

2. Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL ) - Søknadsfrist 1.april.

  • Ullensvang herad kr har i 2019 fått ei rammeløyving på 290 000 kr til SMIL-ordninga.
  • Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. M.a. må det vera eit føretak som står som søkjar. På landbrukseigedomen der tiltaket skal utførast, må det føregå ein tilskotsberettiga landbruksproduksjon som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Du kan sjå forskrifta og lesa deg opp på regelverket mm. her .
  • Det er òg laga ein eigen, lokal «Kommunal tiltaksstrategi» for SMIL-ordninga som gjeld Ullensvang herad som du kan få ved å ta kontakt med heradet.
  • Frå 2019 er det innført eit digitalt søknadssystem for dei som vil søkja om SMIL-tilskot (søk her) .

3. Tilskot til drenering

  • Ullensvang herad har i 2019 fått ei rammeløyving på 60 000 kr til ordninga “drenering av jordbruksjord .
  • Kommunane har ansvaret for å forvalta tilskotsordninga etter «forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord». Også her må du no søkja elektronisk, enten ved å logga deg inn i Altinn eller fylgja linken her .

Meir informasjon kan du finna på Landbruksdirektoratet sine sider . Du er òg velkomen til å ta kontakt med sakshandsamarane på landbrukskontoret (tlf: 477 13 576 eller 479 08 067) om du har spørsmål eller treng hjelp med søknadsprosessen.