Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1

Emneord

Reguleringsplan for Skotamyri, Aga - Høyring og offentleg ettersyn

Planid: 12312018001

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Skotamyri, Planid: 12312018001 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter fyrste gongs handsaming i plan- og ressursutvalet 25.02.19, sak 19/2019.

 open bookKlikk her for å kome til dokument.

 

Planområdet omfattar området som er vist på vedlagt kartutsnitt. Planområdet er på ca. 100 daa og inkluderer eigedom med eksisterande idrettsanlegg og nedste del av Rogdavegen med tilgrensande eigedomar. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for skule / undervisning, fleirbrukshall og idrettsanlegg med tilhøyrande infrastruktur i tråd med vedtak HST-120/2017.

Planen i målestokk 1:1000 med føresegner og planskildring, og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut på på heradet si heimesida og på heradshuset i Kinsarvik. Oversikt over saksdokumenta finst i saksframlegget.

Merknadar til reguleringsarbeidet kan rettast skriftleg til:

Ullensvang herad,

merkast «18/229 Skotamyri, Aga»,

Sandvikevegen 11,

5780 Kinsarvik

eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Høyringsfrist 22.04.2019.

Vurdering av innkomne merknader ved oppstart: Sjå saksframlegget og planskildringa.

Sakshandsamar svarar gjerne på spørsmål.

Tlf.: 48203588

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.