Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1

Emneord

Gruppetrening med fysioterapeut i ungdomshuset på Nå

Det vert gruppetrening leia av fysioterapeut i Nå ungdomshus. Treninga vil føregå i ei gruppe på 6-10 personar med fokus på styrketrening med innslag av balanse- og rørsletrening.

 

Kven kan delta? Treninga passar for deg som ynskjer å koma i gong med trening og kan vere hjelp til å starte trening og bli rusta til å halde fram på eiga hand etterpå. Ulike døme på kven treninga kan vere aktuell for: Pensjonistar som ynskjer å oppretthalde eit godt funksjonsnivå inn i alderdomen, folk med muskel/skjelett-plager, folk med ynskje om auka fysisk kapasitet, menneske med ynskje om livsstilsendring, folk som står i fare for sjukemelding/uføretrygd av ulike grunnar (fysisk og/eller psykisk), der det er hensiktsmessig med trening for å oppretthalde ein god kvardag og best mogleg funksjonsnivå, osb.

Stad: Nå ungdomshus, i underetasjen.

Tidspunkt: Fredagar klokka 12.00-13.00. Oppstartsdato er avhengig av kor mange som melder seg på. 13/02 og 14/02 er sett av til kartleggingssamtalar, og me tek sikte på å starte treninga i midten av februar. Dette får du meir informasjon om ved påmelding.

Påmelding: Påmelding skjer til fysioterapeut Ida Urheim på telefonnummer 46894256, eller ved å sende e-mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Påmelding gjev ikkje garantert plass i gruppa. Ved stor pågang vert dei med størst behov prioritert fyrst.

Pris: 55 kr per gruppetime. Dersom du har frikort er det gratis. Frikortsgrensa ligg på 2085 kr i 2019.

Generell informasjon: Dersom du har fått plass i ei gruppe varer denne treningsperioda i 10 veker. Etter dette vil det bli opna for nye grupper med nye deltakarar.
Før oppstart i gruppetreninga vert alle deltakarane kalla inn til individuell kartleggingssamtale og nokre enkle fysiske testar. Målet er at deltakaren skal oppleva betring etter ein periode med trening, så deltakaren vert testa på nytt etter treningsperioda.

Ida Urheim

Fysioterapeut

Ullensvang Herad

Tlf: 46894256

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.