Gruppetrening med fysioterapeut på Hardingen Treningssenter på Grimo

Det vert gruppetrening på Hardingen Treningssenter på Grimo under vegleiing av fysioterapeut.

Kven kan delta: Treninga er eit lavterskeltilbod som passar for innbyggarar med muskel/skjelettplager, folk som ynskjer å koma i gong med styrketrening, men kjenner seg usikre på korleis ein skal starta, inaktive personar som ynskjer å auka aktivitetsnivået sitt, eldre som vil trene førebyggande og oppretthalde eit godt funksjonsnivå, overvektige, eller andre som av ulike grunnar ynskjer å starte med trening.

Pris: Gruppetimen krevjer inngang på treningssenteret. Dersom du er medlem av treningssenteret nyttar du eige treningskort. Dersom du heller ynskjer å kjøpe Drop-in kan du betala 85 kroner kvar gong.

Tidspunkt: Fredagar klokka 09:15 – 10:15. Oppstartsdato er avhengig av kor mange som melder seg på. 20/02 og 27/02 er sett av til kartleggingssamtalar, og me tek sikte på å starte treninga tidleg i mars. Dette får du meir informasjon om ved påmelding.

Generell informasjon: Treninga vil vektlegge styrketrening, uthaldstrening og rørsletrening, og blir individuelt tilpassa ditt nivå i samarbeid mellom deg og fysioterapeuten.
Før oppstart vert det individuelle samtalar med kartlegging av forventningar, personlege mål og fysisk funksjon. Her tek me nokre standardiserte testar for å måla den fysiske framgangen etter treningsperioda.
Målet er at du skal bli trygg på styrketreningsapparata, kjenne til grunnleggande treningsprinsipp, ha eit eige treningsprogram og vere rusta til å fortsette treninga på eiga hand. Etter treningsperioda blir opplegget evaluert og me diskuterer vidare trening.

Påmelding: Påmelding skjer til fysioterapeut Ida Urheim på telefonnummer 46894256, eller ved å sende e-mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Påmelding gjev ikkje garantert plass i gruppa. Ved stor pågang vert dei med størst behov prioritert fyrst.

Gruppetreninga er eit lavterskeltilbod. Dersom du er nysgjerrig på om det er noko for deg, eller har andre spørsmål, ta kontakt.

 

Ida Urheim

Fysioterapeut

Ullensvang Herad

Tlf: 46894256

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.