Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • 1

Emneord

Bassengtrening med fysioterapeut

Det vert gruppetrening leia av fysioterapeut i bassenget ved Kinsarvik Skule. Treninga vil føregå i ei gruppe på 6-8 personar med fokus på styrketrening, kondisjonstrening og rørsletrening.

 

Kven kan delta: Innbyggarar med muskel/skjelett-plager, overvekt, revmatisme, kroniske sjukdomar/plager, eller anna. Eldre som har opplevd funksjonstap eller inaktive personar som ynskjer å auke aktivitetsnivået sitt og betre sin fysiske kapasitet, osb. Ta kontakt dersom du er interessert og er usikker på om dette er noko for deg. Dersom det er stor interesse vil dei med størst behov bli prioritert.

Stad: Bassenget ved Kinsarvik Skule.

Tidspunkt: Måndagar klokka 15.30-16.30. Oppstartsdato er avhengig av kor mange som melder seg på. 23/01 og 25/01 er sett av til kartleggingssamtalar, og me tek sikte på å starte treninga tidleg i februar. Dette får du meir informasjon om ved påmelding.

Påmelding: Påmelding skjer til fysioterapeut Ida Urheim på telefonnummer 46894256, eller ved å sende e-mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Påmelding gjev ikkje garantert plass i gruppa. Ved stor pågang vert dei med størst behov prioritert fyrst.

Pris: 55 kr per gruppetime. Dersom du har frikort er det gratis. Frikortsgrensa ligg på 2085 kr i 2019.

Generell informasjon: Dersom du har fått plass i ei gruppe varer denne treningsperioda i 10 veker. Etter dette vil det bli opna for nye grupper med nye deltakarar.
Før oppstart i gruppetreninga vert alle deltakarane kalla inn til individuell kartleggingssamtale og nokre enkle fysiske testar. Målet er at deltakaren skal oppleva betring etter ein periode med trening, så deltakaren vert testa på nytt etter treningsperioda.

Ida Urheim
Fysioterapeut
Ullensvang Herad