Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1
  • 2

Emneord

Budsjett 2019 og økonomiplan for 2019 – 2022. Formannskapet sitt framlegg.

Formannskapet har handsama budsjettet for 2019 og økonomiplan for 2019-2022 i møtet den 12. november 2018.
Rådmannen har lagt fram eit saldert budsjett for 2019 og ein økonomiplan for perioden 2019-2022 i balanse. Rådmannen har nytta 5,35 millionar av reservefondet til å saldera budsjettet for 2019.

Dokumenta finn du her: Klikk Les meir for tilleggsinformasjon.

pdf Økonomiplan budsjett 2019 2022 FSK (1.16 MB)

pdf Gebyrregulativ 2019 (592 KB)

Eigedomsskatt;
Eigedomsskatten er vidareført uendra med 7 promille i alminneleg skattesats og med 4 promille for sjølvstendige bueiningar og fritidsbustadar i 2019.

Betalingssatsar i heradet aukar for 2019 og vert lagt ut på høyring i lag med budsjettet.

Formannskapet gjort fylgjande endringar i høve rådmannen sitt framlegg;

Investering 2019
Tilleggsløyving kommunale vegar 2,9 mill
Uteareal Utne kyrkje auka løyving med kr. 130.000.
Finansiert ved bruk av reservefondet.

Drift 2019
Auka tilskot drift til kyrkja med kr. 60.000 til 5.267.000 Finansiert ved bruk av reservefondet.
Auka løyving til Ullensvang næringsforum med kr. 70.000 til kr 700.000,-
Auka næringstilskotet med kr. 100.000 til 300.000 kvart av åra 2019, 2020, 2021 og 2022.
Finansiert ved bruk av næringsfondet.

Kulturbudsjett 2019
Auka løyving husvære Berlin med kr.10.000. Finansiert ved bruk av næringsfondet.
Auka løyving til ålment kulturarbeid og idrett med kr 50.000 kvar til 193.00 og 150.000. Finansiert av reservefondet.

Økonomiplanen
Investeringar
Lofthus sentrum kr. 2 mill i 2020. Finansiert med auka låneopptak.
Drift
Auka tilskot til både Norsk Bane og Hardangerviddatunnelene med kr. 5000 til 25.000 for kvart av åra frå 2020 til 2022.

Tilleggspunkt i sjøve budsjettframlegget:
pkt 14:
Ullensvang heradsstyre ber rådmannen syta for grunnerverv og arkeologiske utgravingar i
Markastå. Ny sak i Heradsstyret om vidare prosess.

Nytt pkt 15:
Barnehagen på Utne vert utbetra med naudsynte nye vindauge. Finansiert ved bruk av vedlikehaldsmidlar.

pkt 16:
I tillegg til å syta for at heradet er eit attraktivt område å flytta til, er det viktig for heradet å behalda dei som kjem flyttande hit. Me ynskjer å bidra til at dei trivst og finn eit sosialt nettverk. Formannskapet tek difor på seg å organisera ei fadderordning for nytilflytta innbyggjarar i 2019.

pkt 17:
Formannskapet ber om sak for utarbeiding av tiltaksplan mot aukande fattigdom i Ullensvang herad. Saka skal også omfatta ei revurdering av tidlegare heradsstyrevedtak kring satsane for utbetaling av økonomisk sosialhjelp - herunder bruken av barnetrygda i berekningsgrunnlaget for utbetaling av sosial støtte.

 

Innspel til budsjett og økonomiplan vert å senda Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Formannskapet sitt budsjettframlegg for 2019 og økonomiplan for 2019-2022 skal handsamast i heradsstyret den 17. desember 2018. Forøvrig det siste budsjettframlegget som vert handsma i Ullensvang heradstyre.

 

Kinsarvik , 16. november 2018

Solfrid Borge
ordførar