Jodtablettar i sal no.

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har heimebuande barn? Då råder vi deg til å ha jodtablettar heime. Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Frå 1. november vil reseptfrie jodtablettar vere til sals på norske apotek. 

Du finn også meir informasjon om jodtablettar på www.stralevernet.no (ny adresse frå 1.1.2019:www.dsa.no) og www.helsenorge.no