Kurs i alkohollova

Opplæring for grendahus, grendalag, andre lag og organisasjonar (arrangørar, skjenkestyrar og vakter)

Tysdag 20.11.18     17.00 – 20.00

I kommunestyresalen, Odda.

I samsvar med vedteken rusmiddelpolitisk handlingsplan, og «Retningsliner for bygdafester og arrangement på grendahus» av 25.09.17 arrangerer Ullensvang herad, i samarbeid med skjenkekontrollen og politiet, kurs i alkohollova.  Andre tema vert m.a. beredskap og konfliktløysing. 

For å kunne få skjenkeløyve til einskilde arrangement på grendahus og lignande må minst ein av vaktene ha gjennomført 3 timars vakt/skjenkekurs.

Kurset er gratis. Ingen prøve skal avleggast.

Her finn du Retningsliner for bygdafester og arrangement på grendahus

 

Med venleg helsing
Ullensvang herad