Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • 1

Emneord

Nominèr kandidat til Årets Hordalending 2018

Prisen Årets Hordalending skal løfte fram ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland.
 
Hordaland fylkeskommune vil løfte fram dei som gjer ein ekstraordinær innsats for fylket. Det fins allereie ei rekkje prisar for enkeltprestasjonar innan miljø, idrett, forsking og kultur.
 
Denne prisen vil vere ein sektor-overgripande pris som femnar alle område av samfunnet.
 
Kven kan foreslå kandidatar
  • Medlemmene i fylkestinget
  • Kommunestyre og statlege etatar i Hordaland
  • Nærings- og arbeidslivet sine organisasjonar
  • Registrerte interesseorganisasjonar*
  • Utdanningsinstitusjonar
  • Regionråda i Hordaland
  • Juryen for prisen
 
Det er styret eller øverste leiar i den enkelte organisasjon som kan nominere til prisen.
 
* Dette inneber alle typar organisasjonar som er registrert i Brønnøysundregisteret eller hos Stiftelsestilsynet - enten i Frivillighetsregisteret, eller i anna organisasjonsregister.
 
Frist for innmelding av kandidatar er 1.november 2018.
Klikk på linken for meir informasjon, og for å melde inn kandidat til å bli Årets Hordalending 2018: www.hordaland.no/hordalending