Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1

Emneord

Oppstart av namnesak 2018/355 – Legene/Legena i Ullensvang herad

I samband med adresseringsarbeidet i Ullensvang herad var det reist namnesak for m.a. naturnamnet Legene/Legena for å avklara rett skrivemåte for offentleg bruk før namnet vart teke i bruk som vegadressenamn.

 

Kartverket gjorde den 10.07.2018 vedtak om skrivemåten av namnet Legene, men vedtaket vart påklaga av Legena Eldhuslag og nokre grunn eigarar i byggjefeltet på staden i brev av 16.08.2018. Når det vert reist klagesak, vert saka gjennomført like eins som den fyrste runden i namnesaka.

Kartverket sender med dette saka ut på lokal høyring i heradet, jf. § 6 i lov om stadnamn.

Saka gjeld fylgjande namn:

  • Legene/Legena (slette)
  • Legene/Legena (bruk 74/151)

For meir informasjon om namna, sjå innsynsløysinga vår for Sentralt stadnamnregister (SSR): www.norgeskart.no/ssr. For meir informasjon om bruksnamnet sjå www.seeiendom.no (søk på : gnr/bnr, namnet på kommunen).

Lokal høyring

Det er Kartverket som har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn og for naturnamn. Før det vert gjort vedtak, har heradet rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har serleg tilknyting til. Vedtak for gardsnamn er etter hovudregelen retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, og for bruksnamn der gardsnamnet inngår som en del av namnet, jf. § 8 i lov om stadnamn. Saker som gjeld bruksnamn, skal eigaren eller festaren få tilsende direkte av kommunen. Det går fram av lista ovanfor kva bruk dette dreiar seg om.

Normeringsprinsipp og saksgang

Etter § 4 i lov om stadnamn er hovudregelen å ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn. I rettleiinga til forskrift om skrivemåten av stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast. Skrivemåten i primærfunksjonen skal normalt vera retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 andre ledd. Heradet må difor setja ev. pågåande saker som gjeld avleidde adressenamn og adressetilleggsnamn som kan påverkast av denne saka på vent til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamna, og ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når dei skal gjera vedtak om avleidde namn.

Det er heradet som har ansvaret for å kunngjera at namnesaka er reist, og for å innhenta og samordna dei lokale høyringsfråsegnene. Dei skal sendast til Stadnamntenesta på Vestlandet, Språkrådet, Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo (Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.), med kopi til Kartverket. Stadnamntenesta vil so gje endeleg tilråding til Kartverket. Ordinær høyringsfrist for heradet er 2 månader frå dei får dette brevet.