Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • 1

Emneord

Vassrestriksjonar - hagevatning

Inntil vidare er det ikkje lov å nytta hageslange, dryppslange, spreiar og anna vatningsutstyr til vatning og vasking som krev større mengder vatn. Vatning med kanna er lov.

Restriksjonane er innført på grunn av langvarig varmt ver, lite nedbør, mindre vatn i vasskjeldene og høgt vassforbruk.  Restriksjonane skal sikra trygg drikkevassforsyning og tilstrekkeleg slokkevatn ved eventuell brann.

Landbruksføretak er inntil vidare unnateke frå restriksjonane, men me ber dykk om å vatna på nattestid og vurdera omfanget.

Restriksjonane gjeld til nytt varsel vert gjeve. Restriksjonane gjeld i første omgang for det kommunale vassverket på Legena.  Andre restriksjonar kan gjelda ved private vassverk.

Vatningstips:

  • Sjeldan vatning gjev robust plen med djupt rotsystem. Plenen vert betre rusta mot tørke.
  • Dekk til jord. Grasklypp, bork e.l held fukta i jorda og reduserar fordamping.
  • Blomar bør vatnast regelmessig. Unngå å vatna midt på dagen. Når sola skin, vil vatnet fordampa fort.