Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • FV 550, Buss og båt +

    Rutetider: Avvik linje 980 korrigert med ekstraruter - NB! Ekstraruter på side 2, rull nedover i dokumentet Skyss setter inn båt Les meir
  • 1

Emneord

Då er det tid for å levere landbruksplast.

Det er høve for alle til å levere landbruksplast til miljøstasjonen på Voss heile året!!

Containerar til levering av landbruksplast på miljøstasjonane:
Kinsarvik - torsdag 24. mai·         

Utne - måndag 28. mai og måndag 4. juni


Når du leverer landbruksplast til gjenvinning tek vi vare på ressursane og plastråstoffet går inn i ny produksjon.Det er forbudt å brenne landbruksplast! Vi får stadig vekk meldingar om at det vert brent landbruksplast kringom. Dette veit vi og ut frå mengdene landbruksplast vi tek imot kvart år, samanlikna med mengdene som vert levert ut på marknaden.Under ryddeaksjonane som har vore i våre kommunar i vår, er det registrert store mengder landbruksplast som ligg langs vegar, i vassdrag og langt til skogs. Slik plast vert brote ned, og vert til mikroplast som går inn i næringskjeda og som og kan skade dyr på andre måter. Plast er laga av olje og inneheld miljøgifter. Å brenne plast frigjev miljøgifter både til luft og jord og må difor ikkje skje! I tillegg er landbruksplast eit bidrag til den visuelle forsøplinga av landet vårt.Ta vare på ressursane og lever landbruksplast tiil gjenvinning. Vi tek imot gratis, men hugs SORTERING!!!Dersom du lager eit sorteringssystem som fungerer godt, vert sorteringa enklare og kvaliteten på plasten betre.NB! Vi minner om sorteringskrava. Landbruksplasten skal sorterast i to fraksjonar:• Rundballesekker, emballasjesekker, innersekk i storsekk, krympeplast, bobleplast, rundballefolie, klebe-/strekkfolie• Voven yttersekkDet er viktig å sortere frå nylonnett, tauverk og stroppeband. Vi ber og om at plasten er rista rein for jord, stein, streng, plankar og liknande.Velkomen til miljøstasjonen!