Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • 1

Emneord

Opedal Ljosverk (SUS)– Søknad om løyve til Opeland Ljosverk i Ullensvang herad i Hordaland – høyring

NVE har motteke ein søknad frå Opedal Ljosverk (SUS), datert 28.02.2018, om løyve til Opedal Ljosverk i Ullensvang herad. 
Søknaden med vedlegg vert lagt ut på www.nve.no/konsesjonssaker, og
NVE føretrekkjer at fråsegner sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker så snart som mogeleg og seinast innan 18.05.2018.
Opedal Ljosverk (SUS) ynskjer å nytte eit fall på 74 meter i elva Opo som renn ut i Sørfjorden ved
Lofthus. Elva er eit verna vassdrag. Inntaket er planlagt på kote 187 og kraftstasjonen på kote 113.
Vassvegen vil bli 820 m og skal gravast ned på heile strekninga. Middelvassføringa er på 4200 l/s og
maksimal slukeevne er på 1700 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 0,99 MW og vil etter
planane gje ein årleg produksjon på 5,5 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring over ein
strekning på om lag 846 m i Opo. Det er planlagt ei minstevassføring på 1400 l/s i perioda 1.5-30.9 og
140 l/s i perioda 1.10- 30.4. Dette tilsvarar 5-persentilverdiane for vassdraget.
Det er òg søkt om løyve etter energilova for bygging og drift av Opdal Ljosverk med tilhøyrande
koplingsanlegg og kraftline, og anleggskonsesjon.
Søknaden skal handsamast etter reglane i kapittel 3 og 5 i vassressurslova og gjeld løyve etter
vassressurslova § 8. Søknaden skal òg vurderast etter «forskrift om konsekvensutredninger etter
sektorlover». Søknaden med vedlegg vert lagt ut på www.nve.no/konsesjonssaker, og den vert kunngjort
av NVE. Kopi av kunngjeringa ligg ved.
NVE ber Ullensvang herad leggje to eksemplar av søknaden ut til offentleg ettersyn på heradshuset fram
til 20.05.2018. Det eine eksemplaret kan, om naudsynt, lånast ut for kortare tid (2-3 dagar). Det andre
må ikkje fjernast frå utleggingsstaden.
Vi syner elles til vedlagde informasjonsark som forklarar sakshandsaminga frå saka vert sendt på
høyring til endeleg vedtak. Av dette går det fram kva for tilbakemelding vi ynskjer.
NVE føretrekkjer at fråsegner sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker så snart som
mogeleg og seinast innan 18.05.2018. I tillegg kan ein sende fråsegner per e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller
per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.
Fråsegner eller delar av fråsegna vert referert i eit endeleg vedtak. Om fråsegna er lang, er det difor ein
fordel om det utarbeidas eit samandrag som kan brukast til dette.
Med helsing
Øystein Grundt
seksjonssjef
Brit Torill Haugen
seniorrådgiver