Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • Me søkjer veterinær til vakre Hardanger +

    Me søkjer veterinær til tredelt vakt i Indre Hardanger. Vaktdistriktet er samansett av Odda Kommune, Ullensvang herad og Eidfjord kommune. Les meir
  • 1

Emneord

Me søkjer veterinær til vakre Hardanger

Me søkjer veterinær til tredelt vakt i Indre Hardanger. Vaktdistriktet er samansett av Odda Kommune, Ullensvang herad og Eidfjord kommune. Frå 2018 planlegg Landbruksdirektoratet å arbeide vidare med behovet for endringar i veterinærvaktstrukturen. Vurderingane vil bli gjort med bakgrunn i vedtekne kommune- og regionendringar frå 2020, og med bakgrunn i føresetnader som til dømes husdyrtal, bruks- og infrastruktur og veterinærberedskap.

Stillinga har stor fleksibilitet knytt til arbeidsoppgåver og arbeidsturnus. Du vil verta ein del av eit godt arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, og mange trivelege bønder.

Området har fantastiske mogelegheiter sommar og vinter. Trolltunga, Røldal Skisenter, Folgefonna og Hardangervidda  byr på eit  mangfald av opplevingar.

pdf Konkurransegrunnlag 2018 Veterinær lysing 2 (247 KB)

Kvalifikasjonar:

  • Utdanna veterinær med norsk autorisasjon
  • Ynskjeleg med arbeidserfaring, men oppmodar og nyutdanna til å søkje.
  • Førarkort og eigen bil til nytte i arbeidet.
  • Eige føretak.
  • Bestått seminkurs hjå Geno.
  • Gode norskkunnskapar.
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med øvrige veterinærar.

Me tilbyr:

  • Deltaking i tredelt vaktordning.
  • Driftstilskot på kr. 25 000,- per. månad. t.o.m. 31.12.19. Frå 01.01.20 vert det nye avtalar ved kommunesamanslåing
  • Ordinære inntekter frå produksjonsdyrpraksis.
  • Stimuleringstilskot, fast dagsats for 2018 er kr 1800,-.
  • Vaktgodtgjersla etter sentral avtale.
  • Tilknyting til veterinærklinikk i sentrum av Odda, to til fem dagar i veka om ynskjeleg. Løn etter tariff.

For faglege spørsmål og spørsmål til vaktordninga kan du kontakta veterinær Ingrid Dale: 90956635/ Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Inger Synnøve Vestrheim: 53642712/ Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
For andre spørsmål kontakt Ingrid Riise: 47908067/ Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Søknad sendes: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Ullensvang herad, Sandvikevegen 11,5780 Kinsarvik.

Søknadsfrist: 25.04.2018