Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • Ullensvang herad tek i bruk KS SvarUt +

    KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar/herad, fylkeskommunar og offentlege verksemder for å senda digital post frå sakarkiva til Les meir
  • 1

Emneord

Tilskotsordningar i jordbruket våren 2018

Informasjon om tilskotsordningar i jordbruket våren 2018 i Ullensvang herad.

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket – søknadsfrist 15. mars.

  • I 2018 er fristen for å registrera del 1 av søknaden om produksjonstilskot sett til den 15. mars. Du kan starta med å registrera søknaden frå 1. mars, og teljedato er 1. mars. Hugs at søknaden må vera registrert i eSTil innan 15. mars. Denne søknadsomgangen er det berre dei med dyr som treng å registrera søknaden sin. Det er dyretalet den 1. mars som er grunnlaget for utrekning av husdyrtilskot og for storleiken på det som kan refunderast i ordninga «Avløysing ved
    ferie og fritid» for 2018.  Meir informasjon kan du finna på Landbruksdirektoratet sine sider . Du er òg velkomen til å ta kontakt med landbrukskontoret om du har spørsmål eller treff på andre utfordringar i samband med søknad om produksjonstilskot.

Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) – søknadsfrist 1. mai.

  • Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. M.a. må det vera eit føretak som står som søkjar. På landbrukseigedomen der tiltaket skal utførast, må det føregå ein tilskotsberettiga landbruksproduksjon som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Du kan sjå forskrifta og anna regelverk, finna søknadskjema mm. her. Det er òg laga ein eigen, lokal «Kommunal tiltaksstrategi» for SMIL-ordninga som gjeld Ullensvang herad. Søknadsfristen for tilskot etter SMIL-ordninga i Ullensvang er 4.april i 2018. Ullensvang herad har fått ei ramme på 420 000 kr til SMIL-ordninga i 2018. Treng du hjelp, er velkomen til å ta kontakt med saksansvarleg på telefon 477 13 576.

Tilskot til drenering 2018 – søknadsfrist 1. juni

  • Det er råd å søkja om tilskot for drenering av innmark. Sjå Fylkesmannen i Hordaland eller Landbruksdirektoratet sine sider, ev. ta kontakt med landbrukskontoret. Me ynskjer søknadane innan 1. juni 2018.