Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Kommunereforma +

    Kva gjer me i regionen vår? Stortinget har vedteke ei kommunereform og  pålagt alle kommunar å gjennomføra ein prosess for Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Lofthus sentrum, utlegging til høyring og offentleg ettersyn +

    Saka gjeld ny utlegging til høyring og offentleg ettersyn av framlegg til detaljreguleringsplan for Lofthus sentrum med planid, 12312014005. Dokument Les meir
  • Adresseringsprosjektet i Ullensvang herad +

    I samband med adresseringsprosjektet i Ullensvang herad reiser Kartverket og heradet namnesak for nokre namn for å få avklart rett Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Me søkjer veterinær til vakre Hardanger +

    Me søkjer veterinær til tredelt vakt i Indre Hardanger. Vaktdistriktet er samansett av Odda Kommune, Ullensvang herad og Eidfjord kommune. Les meir
  • 1

Emneord

Me søkjer veterinær til vakre Hardanger

Me søkjer veterinær til tredelt vakt i Indre Hardanger. Vaktdistriktet er samansett av Odda Kommune, Ullensvang herad og Eidfjord kommune.

Området har fantastiske mogelegheiter sommar og vinter. Trolltunga, Røldal Skisenter, Folgefonna og Hardangervidda byr på eit mangfald av opplevingar.

Stillinga har stor fleksibilitet knytt til arbeidsoppgåver og arbeidsturnus. Du vil verta ein del av eit godt arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, og mange trivelege bønder.

  pdf Konkurransegrunnlag 2018 Veterinær lysing (179 KB)

Arbeidsoppgåver:

  • Kombinert praksis med smådyr, sau, storfe og hest
  • Inseminering
  • Tredelt vaktordning

Kvalifikasjonar:

  • Utdanna veterinær med norsk autorisasjon
  • Ynskjeleg med arbeidserfaring, men oppmodar og nyutdanna til å søkje.
  • Førarkort og eigen bil til nytte i arbeidet.
  • Eige føretak.
  • Bestått seminkurs hjå Geno.
  • Gode norskkunnskapar.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med øvrige veterinærar.

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit spanande og kreativt fagmiljø.
  • Ordinære inntekter frå produksjonsdyrpraksis.
  • Driftstilskot på kr. 25 000,- per. månad. t.o.m. 31.12.19. Frå 01.01.20 vert det nye avtalar ved kommunesamanslåing.
  • Stimuleringstilskot, fast dagsats.
  • Vaktgodtgjersla etter sentral avtale.
  • Tilknyting til veterinærklinikk i sentrum av Odda, to til fem dagar i veka. Løn etter tariff.

For faglege spørsmål og spørsmål til vaktordninga kan du kontakta veterinær Ingrid Dale: 90956635/ Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Inger Synnøve Vestrheim: 53642712/ Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

For andre spørsmål kontakt Ingrid Riise: 47908067/ Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Søknad sendes:

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Ullensvang herad, Sandvikevegen 11,5780 Kinsarvik.