Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Kommunereforma +

    Kva gjer me i regionen vår? Stortinget har vedteke ei kommunereform og  pålagt alle kommunar å gjennomføra ein prosess for Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Lofthus sentrum, utlegging til høyring og offentleg ettersyn +

    Saka gjeld ny utlegging til høyring og offentleg ettersyn av framlegg til detaljreguleringsplan for Lofthus sentrum med planid, 12312014005. Dokument Les meir
  • Adresseringsprosjektet i Ullensvang herad +

    I samband med adresseringsprosjektet i Ullensvang herad reiser Kartverket og heradet namnesak for nokre namn for å få avklart rett Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Deildo i jula. +

    Anlegget tek joleferie i veke 51 og 52. Det vil vere fri ferdsel gjennom anlegget frå torsdag 14/12 kl. 12:45 Les meir
  • 1

Emneord

Prosjekt «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder»

Ullensvang Herad starta våren 2017, i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune, prosjektet «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Prosjektet er styrt av Miljødirektoratet og målsettinga er at alle kommunar i Noreg skal ha gjennomført kartlegginga før 2018.
 
Resultatet av arbeidet er eit temakart som viser dei registrerte friluftsområda og kva bruk områda vert nytta til. Gjennomføring av prosjektet vil mellom anna generere nyttig bakgrunnsinformasjon for sakshandsaming og planlegging i kommunen. Kunnskap om friluftsliv vil òg vere viktig for kommunen når det gjeld prioritering av ressursbruk, tilrettelegging og motivering til friluftslivsaktivitet i lag med andre temakart.
 
Ullensvang herad ynskjer hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auka kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål, og såleis ta vare på befolkninga sine moglegheiter til å driva eit variert friluftsliv, både i nærmiljøet og i naturen elles.
Det er viktig å fastslå at dette er ei temakartlegging, og ikkje ein juridisk bindande plan. Kjennskapen til dei største og mest brukte friluftslivsområda i kommunane er allereie god, men prosjektgruppa ynskjer òg å kartlegge dei mindre og meir ukjente områda. Det kan handla om badeplassar, akebakkar, skøytevatn, klatreområde, snarvegar, leikeområde for ungar osv. Innbyggarane i Ullensvang sit med mykje kunnskap om friluftslivsområde i kommunen, og prosjektgruppa håpar at dei tek seg tid til å koma med innspel til karta som no er lagt ut på heradet si heimeside.
 
Me ynskjer hovudsakeleg tilbakemelding på om nokre område har vorte utelatt, eller om avgrensinga av områda er feil. I tillegg ynskjer me å vita noko om kva området vert brukt til, når på året det vert mest brukt, korleis området ser ut og om det har spesielle kvalitetar. Det er òg ynskjeleg med tilbakemeldingar på eventuelle manglar og forbetringspotensial.
 
Frist for innsending av svar er 13. desember 2017.
Innspel kan sendast skriftleg til Ullensvang herad, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Merk: «17/587 kartlegging friluftsområde».
 
Kontaktpersonar:
Randi Karin Tveit, 53661516
Eva Wiberg, 53661514
 
Karta finn du her: