Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1

Emneord

Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021

Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021.

 

Budsjettet og økonomiplanen til heradet har i fleire år bore preg av varige økonomiske utfordringar. Heradet får ikkje kompensert for ein langstrakt geografi og desentraliserte tenester. Statsbudsjettet og signala ein får for åra som kjem er heller ikkje distriktsvenlege. Staten vil frata kommunane store inntekter gjennom dei endringane som ligg føre på blant anna verdsetjing av produksjonsutstyr og kraft- og teleliner. Dette vil ikkje berre påverka Ullensvang, men og dei andre kommunane i Hardanger i til dels større grad enn Ullensvang.

Sparekatalogen som vart laga i 2017 lever vidare i 2018. For å få inntekter og utgifter til å gå i hop er det naudsynt å gjera grep. Stikkord her er tenestetilpassing, effektivisering og digitalisering.

Heradet er inne i ein periode kor me skal vera med å byggja Ullensvang kommune i lag med Odda og Jondal. Det skal etablerast arbeidsgrupper og me skal kartlegga tenestene i dag, og sjå korleis me skal byggja dei nye tenestene. Me vil i denne prosessen og sjå konturane abv kva me kan få til i lag, og kva me kan effektivisera og digitalisera.

Budsjettet kan du lesa her:

Budsjett 2018 og Økonomiplan 2018 - 2021 (PDF)

Framlegg til felle gebyrregulativ 2018 (PDF)

Sparekatalog Budsjett 2018 og økonomiplan 2018 - 2011