Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope      09:00 - 14:30

Ekspedisjonen open 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

Emneord

Regional plan for Hardangervidda - rullering

Planen for langsiktig arealforvaltning av Hardangervidda, som blei vedteke i 2011, skal no rulleras. Målet med planen er å gje villreinen gode levevilkår, og den skal leggje til rette for lokal nærings- og bygdeutvikling og friluftsliv.

Rulleringa skjer i samarbeid mellom dei tre fylkeskommunane, dei tre fylkesmennene, Villreinnemnda og dei ni kommunane som har areal på Hardangervidda. Arbeidet skal byggje på gjeldande plan. Enkelte spørsmål til rulleringa blei definert allereie i sluttfasen av gjeldande plan og ein del nye planspørsmål har kome opp i perioden etter dette. Planprogrammet konkretiserar kva som skal takas opp i rulleringa. Dette er no til høyring.


Alle kan koma med innspel til planprogrammet. Sjå informasjon på www.regionalplan-hardangervidda.no.

Høyringsfrist er sett til 15. oktober.

Det endelege planprogrammet vil truleg bli vedteke i løpet av hausten. Etter dette startar arbeidet med sjølve rulleringa. Kommunane vil spele ei sentral rolle i denne prosessen.

Høyringsinnspel sendas til Buskerud fylkeskommune, postboks 3563, 3007 Drammen eller elektronisk til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.