Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Kartlegging av friluftslivsområde i heradet

Ullensvang herad ynskjer hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auka kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål i heradet. Med denne kunnskapen kan heradet betre verna om areal for friluftsliv, og sikra at innbygjarane har moglegheit til å driva eit variert friluftsliv, både i nærmiljøet og i naturen elles. 
Ullensvang herad har i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune starta eit prosjekt som har som mål å kartlegga alle friluftslivsområda i kommunen. Det er eit nasjonalt mål at alle kommunar i Norge skal kartlegga sine friluftslivsområde før 2018. I Hordaland er det 22 kommunar som no er i gang med dette arbeidet. Dette skal bli eit temakart og eit informasjongrunnlag om dagens friluftsaktivitet, som seinare kan bli nytta i relevante samanhengar i lag med andre temakart.


Målet er at alle skal ha moglegheit til å utøva friluftsaktivitetar utifrå eigne preferansar og ønskjer i Ullensvang. Ein skal kunne kome seg ut i nærmiljøet og naturen generelt, uansett interesse, form eller alder. Ullensvang herad ynskjer difor hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auka kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål i kommunen. Me i prosjektgruppa veit at folk sitt med enorm kunnskap om friluftslivet i Ullensvang, og håpar difor at innbyggjarane vil kome med innspel om sine friluftslivs- og nærområde slik at den endelege kartlegginga blir så grundig som råd.

Innspel kan sendast skriftleg til Ullensvang herad, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik eller
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 
Merk: «17/587 kartlegging friluftsområde».

Kontaktpersonar: 
Randi Karin Tveit, 53661516
Eva Wiberg, 53661514