Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

HARDANGERRÅDET HELD KURS FOR ETABLERAREN HAUSTEN 2017

Tenkjer du på å starta di eiga verksemd?

Har du allereie starta opp, men vil læra meir?

Bli med på etablerarkurs!

Prisar:

Pris grunnkurs:                             kr.1 200

Kurs 5 undervisningstimar:          kr. 500

Kurs 3 undervisningstimar:          kr. 300

Kurshaldar:

Tone Søgaard

Påmeldingsfrist:

Grunnkurs:            20. oktober

Andre kurs:           2 veker før kurset startar opp

Informasjon og påmelding:

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  Tlf: 915 53 338

Dato Kurs Tid
4. og 5. november

Grunnkurs for etableraren

-         kva må til?

-         innføring i forretningsplanen

10.00 – 16.00

10.00 – 16.00

10. november

Sal og marknadsføring

-         innføring

-         arbeid med eiga bedrift

17.00 – 20.00
11.november

Budsjettarbeidet

-         investering

-         finansieringsplan

-         driftsbudsjett

-         likviditetsbudsjett

10.00 – 15.00
17.november Prising – av produkt og tenester 17.00 – 20.00
18.november

Budsjettarbeid i praksis

-    arbeid og gjennomgang av eigne budsjett

10.00 – 15.00
25.november

Sentrale økonomiske omgrep

-    kva fortel balansen?

10.00 – 13.00
25.november

Forstå rekneskapen

-    enkel rekneskapsanalyse

13.15 – 16.00

 

KURSOMTALE:

  • Grunnkurs for etablerarar, 12undervisingstimar.

Kurset tek sikte på å vera med på å klargjera om etablering av eiga bedrift er det kursdeltakarane vil (”skal, skal ikkje”). Drøfting i høve kva føresetnader som må vera til stades og gjennomgang av forretningsplanen.

  • Kurs i sal og marknadsføring, 3undervisningstimar.

Gjennomgang av ulike analyseverktøy, marknadsføring og salsaktivitetar, samt arbeid med eiga bedrift.

  • Kurs i budsjettarbeid, 5undervisningstimar

Kurset tek sikte på å gje ei grunnleggande forståing av ulike budsjett og dei økonomiske omgrep som budsjettarbeid er tufta på. Det vert ei gjennomgang av investeringsbudsjett me tilhøyrande finansieringsplan, driftsbudsjett og likviditetsbudsjett.

  • Prising av produkt og tenester, 3undervisningstimar

Kva er rett pris ? Kurset tek utgangspunkt i budsjett og kostnadskalkyler og drøftar marknad,- og konkurrentanalyser som verktøy for prissetting.

  • Kurs i praktisk budsjettarbeid, 5undervisningstimar.

Kurset føreset at deltakarane har kjennskap til økonomiske omgrep som budsjettarbeid er tufta på. Deltakarane skal gjennom kurset arbeida med eigne budsjett.

Budsjettarbeida vil i etterkant verta drøfta i fellesskap, der ein fokuserer på ulike problemstillingar samt føretek ei grundig analyse av budsjetta.

 

  • Sentrale økonomiske omgrep, kva fortel balansen? 3 undervisningstimar.Kurset tek sikte på å gjera deltakarane kjende med, og forstå, sentrale bedriftsøkonomiske omgrep, til bruk i kostnads- og inntektsanalyser. Vidare vil kurset drøfta balansen, kva fortel den, og korleis verkar driftsresultat og andre økonomiske disponeringar inn pådenne.

 

  • Forstå rekneskapen, enkel rekneskapsanalyse, 3 undervisningstimar.Korleis heng budsjett, rekneskap og balanse saman ? Kva fortel rekneskapen ? Korleis nyttar ein rekneskapen m/avvik for å betra budsjettarbeidet ? Kurset tek sikte på å gjera deltakarane kjende med, og kunna nytta rekneskapen somanalyseverktøy.

 

For å få hjelp til å utarbeida ein eigen forretningsplan må ein melda seg på heile kursrekkja

Les meir på www.hardanger.com eller ring 915 53 338 for meir informasjon