Mellombels busstopp, Lofthus

Frå og med måndag 4. september vert det endring på av- og påstigningspunkt til bussane på Lofthus. Dagens busstopp vert stengt og det vert etablert mellombels busstopp på begge sider av riksvegen ved Krossvoll. Skuleruta måndags morgon til Kinsarvik vert køyrt som vanleg og endringa tek til å gjelde ved neste avgang. Det kjem ny melding når endringa vert oppheva.

Orsaka til endringa er at heradet skal til med lastebiltransport til utvidinga av sentrum. Det er ikkje råd å ha ein sikker utføring av denne jobben, samstundes som vanleg køyremønster for bussane skulle oppretthaldast. Tilkomst til butikk og hurtigbåten vert oppretthalde. Det vert skilta med anleggsområde straks ein tek av frå riksvegen. Me ber om at alle tek omsyn til at det vert anleggstrafikk på dette området, slik at me unngår ulykker.

Kart (PDF)