Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope      09:00 - 14:30

Ekspedisjonen open 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

Emneord

Ver varsam med bruk av eld utandørs - og hugs bålforbodet!

Me er inne i ein svært tørr og solrik periode, og skogbrannfareindeksen på yr.no viser stor og aukande fare for brann i vegetasjonen. Odda og Ullensvang brann og redning oppmodar difor alle til å visa svært stor varsemd ved bruk av eld utandørs.
Frå 15. april til 15. september er det eit generelt bålforbod i skog og mark. I enkelte tilfelle er det likevel lov å gjera opp bål dersom det ikkje kan medføra brann. Den høge skogbrannfareindeksen i Odda og Ullensvang og områda ikring viser likevel at ein for tida ikkje kan garantera at bruk av eld utandørs ikkje vil medføra brann.
Inntil skogbrannfareindeksen igjen viser «Liten fare», rår brannvernet frå å til dømes gjera opp bål eller bruka eingongsgrillar i vasskanten, på barfjellet eller i eigen hage. Dette gjeld og lyngsviing og flatebrenning.

Bjørn Finne.
Brannsjef