Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Kommunereforma +

    Kva gjer me i regionen vår? Stortinget har vedteke ei kommunereform og  pålagt alle kommunar å gjennomføra ein prosess for Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Lofthus sentrum, utlegging til høyring og offentleg ettersyn +

    Saka gjeld ny utlegging til høyring og offentleg ettersyn av framlegg til detaljreguleringsplan for Lofthus sentrum med planid, 12312014005. Dokument Les meir
  • Adresseringsprosjektet i Ullensvang herad +

    I samband med adresseringsprosjektet i Ullensvang herad reiser Kartverket og heradet namnesak for nokre namn for å få avklart rett Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Deildo i jula. +

    Anlegget tek joleferie i veke 51 og 52. Det vil vere fri ferdsel gjennom anlegget frå torsdag 14/12 kl. 12:45 Les meir
  • 1

Emneord

Minneord om Torolv Hesthamar!

Torolv Hesthamar døydde 7. mars 92 år gamal. Eit langt og innhaldsrikt liv er ebba ut. Ordførar Hesthamar sette Ullensvang på kartet!

- Politikaren og Senterpartimannen
- Ordføraren og «ordsmeden»
- Målmannen med den «gode pennen»
- Samfunnsmennesket og kvardagshelten
- Kåsøren og læremeisteren

Torolv Hesthamar var rett og slett bautaen i Ullensvang-politikken i tidsrommet 1964-1991.
Han vart vald inn i heradsstyet fyrste gong i 1964, vald til ordførar i 1976 og det var han i 16 år, fram til 1991.

Han var leiar av skogreisningsnemnda, med i fylkesskogrådet, jordstyre, skogreisingsnemnda, formann i teknisk utval. Varamedlem til fylkestinget, og som ordførar var han representant til fylkesmøta. Eit langt og innhaldsrikt politisk liv der lista over verv er uttømande.
Det er mykje som ter att etter åra med Torolv Hesthamar ved roret i Ullensvang, ikkje alt var han like samd i. Barnehagar kva var no det for noko tull, men det vart fleire av dei i Torolv si tid.
Veg til Tjoflot, sjukeheimar og bankbygget på Utne for å nemna noko.

Kinsarvik Sparebank, Eplabanken eller Hardingbanken stod Torolv sitt hjarta nær, der han og sat i styret lenge.

At me fekk heradsmerket vårt ved Kgl res i 1976 er Torolv si æra, han var ikkje så ratt lite stolt over heradet sitt! Han styrde med fast hand, og likte best korte heradsstyremøte helst utan endringsframlegg.

LNK, Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Torolv var primus motor då organisasjonen vart stifta i 1995 og alle som var til stades på det fyrste landsmøtet som var i Agatunet, hugsar det!
Torolv vart utnemnt til heidersmedlem i Noregs mållag i år 2000 og i Hordaland Senpterparti.

Med ei slik merittlista er det ikkje til å undrast på at sjølvaste Kongen måtte ut med «gullet» sitt i 1999, då «Hesthamaren» som han vart kalla på folkemunne fekk Kongens fortenestemedalje i gull.

Torolv sette på plass dei mange sentrale forståsegpåarar på ein konstruktiv og elegant måte. Ein god læremeister for sine etterkomarar!

Torolv var ein høgt respektert mann – ein ”staskar” både som person og i si åtferd. Alltid velkledd – det metsja frå topp til tå! Korrekt i ord og handling, spesielt vert han nok hugsa for den treffande kommentaren – som høvde støtt! Språkbruken og målet som han heldt so godt på, det var ikkje mykje feilsting verken i skriftleg eller munnleg framføring. Difor var det heller ikkje uventa at Torolv fekk Ullensvang mållag sin
målpris i 2008 – det skulle for resten berre mangla!

Trass mange år med sjukdom, fylgde han godt med kva som rørte seg i heradet. Gav beskjed om det han var usamd i, noko som vitnar om engasjement til det siste.

So mange år, so mange folk, so mange ord, so mange gonger, so mange historiar, so mange smil, latter og gleda – me vil minnast Torolv Hesthamar som ein heidersmann!

Signa minnet etter Torolv Hesthamar!


Kinsarvik, 17. mars 2017
Solfrid Borge
ordførar