Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope      09:00 - 14:30

Ekspedisjonen open 09:00 - 14:30

Tlf 53 67 15 00

Fax 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: 5780 KINSARVIK 

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

Emneord

Deildo - ruter og info

Her finn du rutene til skyssbåten og ferja Utne - Kinsarvik som gjeld medan Deildo er stengt:  Ruter (PDF)

All akuttberedskap (brann, politi og redning) fungerer som normalt. Nokre justeringar er gjort for å tilpasse seg situasjonen rundt vegstenginga.

Helse:

I perioden vil det være stasjonert ein ambulanse på Lofthus i tillegg til ambulansen i Eidfjord, Voss og Odda.

Ved behov for legevakt etter kontortid vil det for fleire vere aktuelt å få tenester frå Voss i staden for Odda. Dette vert handsama av legevaktstelefonen.

Brann og redning:

Avtale med Odda brannvesen ang. brann og redning dei som bur sør for Deildo.

For dei som bur nord for Deildo er det avtale med Eidfjord og Granvin brannvern.

Innbyggjarar i Ullensvang skal forhalda seg til vanlege nødnummer i forhold til akutte situasjonar.

Brann: 110

Politi : 112 (02 800)

Livstruande sjukdom/skade: 113

Sjukdom eller skade, ring legevakt: 116117