Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Ullensvang herad sitt næringsfond +

    Gjennom næringsfondet ynskjer Ullensvang herad å medverka økonomisk til å fremja utvikling av næringslivet i Ullensvang herad. Næringsfondet kan gje Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • 1

Emneord

Moyes, Ullmann, Ferrante og Kvalvaag på utlånstoppen på biblioteket

Erika Fatland sin «Sovjetistan» toppar samla 2016-statistikk saman med Jojo Moyes: «Etter deg» – og Hilde Kvalvaag: «Lev vel, alle». Elena Ferrante, Edvard Hoem, Linn Ullmann og Roy Jacobsen er og mellom dei forfattarane vaksne lånarar i Ullensvang vil ha med frå biblioteket.


Vestsida
På Nå er det Ferrante sine fire bøker frå Napoli, Edvard Hoem sine bøker om eige slekt – og Lucinda Riley sine bøker om sju systre folk lånte mest i fjor.

På Utne ligg Linn Ullmann på topp med «De urolige», tett følgt av Roy Jacobsen: «Hvitt hav» og Santa Motefiero: «Villa Magdalena».
Jan Guillou sin serie om «det store århundret» som starta med romanen «Brobyggerne» (basert på Guillou sin eigen familie), er òg framleis populær.

Kinsarvik og Lofthus
For utlånsautomaten på Lofthus er det Jojo Moyes: «Etter deg», Knut Lindh: «Blindebukk»  og Jojo Moes: Den ene + en og Karin Fossum: «Helvetsilden» som står øvst. I Kinsarvik tek Ferrante sine tre fyrste bøker i Napolikvartetten dei tre pallplassane, tett følgt av Hilde Kvalvaag si «Lev vel, alle» og Erika Fatland: «Sovjetistan».

Unge lånarar
Dei fleste born lånar bøker på skulebiblioteka, men mange finn og vegen til biblioteka i Kinsarvik og på Utne. Tala derifrå syner at Tor Åge Bringsværd sine bøker om Karsten og Petra og Olof Landstrøm sine om Bø og Bæ framleis appellerer til dei yngste lånaranwe. I fjor var det Karsten og Petra køyrer brannbil og Bø og Bæ gjer reint som toppa statistikken. Til dei litt eldre er Jørn Lier Horst: Operasjon Sirkus og Maria Parr: «Tonje Glimmerdal» mest lånt ut.
DVD-en «Det var en gang et menneske», hadde og mange utlån.

Besøkstal
Biblioteket på Utne hadde ei auke i besøket i 2016: Tala syner at 1027 vaksne/298 born var på biblioteket, mot 962 vaksne/263 born i 2015. Tal for Nå er ikkje klare.

I Kinsarvik er det mange born og unge som nyttar biblioteket, men besøket gjekk noko ned frå året før: 2856 vaksne/ 1680 born i 2016, mot 3363 vaksne/ 1755 born i 2015.

Tekst av Mette Bleken, Hardanger Folkeblad
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.