Skulekrinsinndeling i Ullensvang herad – vestsida

Forskrift for skulekrinsinndeling i Ullensvang herad – vestsida var oppe som sak i heradsstyret 19.12.16 Det vart gjort fylgjande vedtak:

 

HST- 112/2016 Vedtak:

Vi ber Rådmannen greia ut følgjande i løpet av 2017:
1. Hauso skule skal opprustast med utbetra tilkomst, gymnastikksal/volleyballhall, bygningen sikra mot ev. asbest-ureining og godkjent i samsvar med Folkehelselova - forskrift om miljøretta helsevern.

2. Det vert ikkje teke standpunkt til skulestruktur for Ullensvang vest før det er utarbeidt konkrete, kostnadsrekna og forpliktande opplegg for Vikebygd skulekrins med omsyn til
- SFO-tilbodet
- Etterbruk Vikebygd skule
- Kulturtilboda ( bruken av skulen - uteareal, gymnastikksal, øvingsrom, sløydsal, skulekjøken og møterom)
- Skyssordningar

3. Kvalitetssikra tal for kostnadar/inntening ved ev. endringar i skulestrukturen Ullensvang vest må føreliggja før vedtak.