Planar

Planar

Generelt

Omtale

Planstrategi er ein plan for planane. Heradsstyret skal i byrjinga av kvar valperiode ta stilling til kva tema heradet skal satsa på og kva planar som skal prioriterast for å følgja strategien.

Kommuneplan er ein overordna plan for heradet med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utvikling i heradet. Kommuneplanen består av ein langsiktig (normalt 10-12 år) og ein kortsiktig del (normalt 4 år).

Den langsiktige delen skal omfatta:

  • Mål for utviklinga i heradet
  • Retningsliner for planlegging i sektorane
  • Tekstleg del med langsiktige føringar for bruk av areala i heradet

Arealdelen

  • Inneheld kartdel og føresegner.
  • Juridisk bindande for arealbruk, styrande for reguleringsplanar.

Den kortsiktige delen skal omfatta:

Samordna handlingsprogram for drifta i sektorane dei næraste åra.
Kommuneplanlegginga skal byggje på dei økonomiske og øvrige ressursmessige føresetnader for gjennomføring. Minst ein gong i løpet av kvar valperiode skal kommunestyret vurdera kommuneplanen samla og om naudsynt gjera endringar.

Økonomiplan

Økonomiplanen skal gje eit realistisk oversyn over sannsynlege inntekter, utgifter og prioriterte oppgåver. Planen skal omfatta minst dei 4 neste budsjettåra.

Heradsstyret skal ein gong kvart år vedta ein rullert økonomiplan.

Planen skal leggjast til grunn for budsjettarbeid og planleggingsverksemda i heradet.

Kommunedelplanar

Reguleringsplan

Reguleringsplan er ein detaljplan som består av reguleringskart med supplerande tekstlege bestemmelsar som regulerer utnytting av grunn, vassdrag, sjøområde, busetnad og det ytre miljø i bestemte område i kommunen.