Nasjonale og regionale føringar

Nasjonale og regionale føringar

Nasjonale og regionale føringar innafor planleggingsområdet er mål, rammer og retningslinjer som er nedfelte i m.a. stortingsmeldingar, rikspolitiske retningslinjer, forskrifter, rundskriv og i regionale planar. Kommunane og regionale styresmakter skal ta omsyn til dei nasjonale og regionale føringane i sitt arbeid innan planområdet for m.a. å fremje ei berekraftig utvikling.

Proposisjonar og meldinger 

Nasjonale føringar som gjeld for areal- og miljøpolitikken er m.a. nedfelt i ulike stortimgsmeldingar. På nettsida Regjeringen.no kan ein ved å klikke på "alle innholdstyper" søkje opp ulike proposisjonar, meldinger, regelverk, rettleiing m.m. 

Nasjonale forventningar

Plan- og bygningslova frå 2009 innførte eit lovbestemt krav i § 6-1 om at regjeringa kvart fjerde år skal utarbeide eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Bakgrunnen er eit ønskje om å oppnå betre samhandling mellom plannivåa, og i sum betre relevans, måloppnåing, og samordning mellom planstyresmaktene.  

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er eitt av fleire verkemiddel i plan- og bygningslova med sikte på å formidle og ivareta nasjonale interesser og nasjonal politikk i planarbeidet, og vil gjelde saman med dei andre verkemidla. Forventningane er meir generelle enn statlege planretningslinjer og statlege planbestemmelsar, som konkretiserer nasjonale omsyn på einskilde område. Dei nasjonale forventningane omfattar utvalde tema, og formidlar ikkje alle statlege interesser, oppgåver og omsyn som planlegginga skal ivareta. Desse er forankra og konkretisert i m.a. forskrifter, stortingsmeldingar og rundskriv.

Forventningane er avgrensa til planlegging etter plan- og bygningslova, og skal også følgjast opp av statlege organ i deira medverknad i planlegginga.  

Statlege planretningslinjer

Statlige planretningslinjer, (SPR), er nasjonale forventningar til all planlegging. Kommunen skal leggje dei til grunn i si planlegging. Planretningslinjene er heimla i plan- og bygningslova § 6-2 om statlige retningslinjer, og blei tidligare kalt rikspolitiske retningslinjer (RPR). Dei statlege planretningslinjene klargjer kva for mål og verdiar som skal leggjast til grunn for planlegginga og korleis ulike interesser og omsyn skal vektast og sikrast. 

Eit formål med planretningslinjene er å markere nasjonal politikk på område som er spesielt viktige å følgje opp i planlegginga.

Desse planretningslinjene gjeld: 

Statlege planbestemmelsar SPB (tidlegare RPB) 

Statlige planbestemmelsar, jf. plan- og bygningslova § 6-3, vert brukt for å konkretisere dei nasjonale forventningane til planlegginga og markere nasjonal politikk på viktige område i planleggingen.

Statlege planbestemmelsar gjeld for eit tidsrom på inntil ti år, og er et forbod mot iverksetting av særskilte angitte byggje- eller anleggstiltak utan samtykke frå departementet, eller berre i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Regionale planar

Ein regional plan avløyser fylkesplanar og fylkesdelplanar. Den regionale planen kan gjelde for heile regionen, for delar av regionen eller for eit meir avgrensa tema. Til den regionale planen skal det utarbeidast eit handlingsprogram for gjennomføring av planen. Dette skal rullerast årleg. Fylkeskommunen er regional planstyresmakt og har ansvaret for arbeidet.
Som grunnlag for regionale planar skal det utarbeidast ein regional planstrategi minst ein gong i kvar valperiode og seinast innan eitt år etter konstituering. Planstrategien skal gjere greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, vurdere langsiktige utviklingsvegar og ta stilling til kva spørsmål som skal takast opp gjennom vidare regional planlegging. Nasjonale mål og rammer skal liggje til grunn for vurderinga. Den regionale planstrategien skal innehalde oversikt over korleis dei prioriterte planoppgåvene skal følgjast opp og opplegg for medverknad i planarbeidet. Kommunar, statlege organ, organisasjonar og aktuelle institusjonar skal delta i eit samarbeid om strategien.