Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Innsyns- og klagerett

Innsyns- og klagerett

Innsynsrett

Du har som hovudregel innsynsrett i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som vedkjem deg. Ver merksam på at i mange saker kan du lesa saksdokument ved å nytta deg av Innsyn. Dette gjeld likevel ikkje dokument underlagt teieplikt, eller som av hensyn til personvernet er unnteke frå innsyn.

Lovgrunnlag: Lov av 19. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. IV

Sjå òg: Justisdepartementets rettleiar til offentleglova

Klagerett

Eit enkeltvedtak (eit vedtak som kommunen gjer som offentleg styringsorgan, og som gjeld rettar eller plikter til ein eller fleire bestemte personar) kan som hovudregel alltid påklagast av den som vedtaket gjeld og av alle som er part i saka.
Merk at klageretten berre gjeld saker der kommunen opptrer som eit offentleg styringsorgan. Dette medfører til dømes at vedtak om å selgja kommunal eigedom ikkje kan påklagast.

Klagefrist

Klagefristen er tre veker frå det tidspunkt du fekk melding om vedtaket. Brevet med klagen må vera poststempla eller innlevert før klagefristen er ute. Klager over kommunale vedtak bør innehalda følgjande opplysningar:

  • Kva vedtak det vert klaga over (vedtaket må kunne identifiserast

  • Kva er det klageren vil ha endra

  • Gunngje kvifor ein ønskjer vedtaket endra

  • Andre opplysningar som kan påvirka avgjersla

Klager over kommunale vedtak skal sendast til den instans i kommunen som har gjort vedtaket. Dei skal snarest mogeleg  vurdera vedtaket på nytt. Dersom dei som har gjort vedtaket (førsteinstansen) ikkje finn å kunne gjera om eller endra vedtaket, skal klagen sendast vidare til rett klageorgan.

Klageorgan er Fylkesmannen for saker etter Kommunehelselova, Sosialomsorgslova, Alkohollova og Plan- og bygningslova. 

Sakskostnadar i klagesaker

Dersom eit vedtak vert endra til gunst for klageren, har han eller ho rett til å få dekka vesentlege sakskostnadar som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Lovgrunnlag: Lov av 19. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. VI 


Klage til Sivilombudsmannen 

Sivilombudsmannen er Stortinget sin tillitsmann og har som oppgåve å sikra at det i offentleg forvaltning ikkje vert gjort urett mot innbyggarane. Både statleg, fylkeskommunal og kommunal forvaltning høyrer inn under Sivilombudsmannen sitt ansvarsområde.

Alle som meiner at dei har vore utsett for urett frå offentlege forvaltningsorgan kan klage til ombudsmannen. Klager må vera sett fram innan eitt år frå vedtaket vart gjort. Dersom vedtaket vart påklaga etter reglane over, gjeld eittårsfristen frå det tidspunkt klageorganet gjorde endeleg vedtak. Lovgrunnlag: Lov av 22. juni 1962 om Stortingets ombudsmann for forvaltningen (sivilombudsmannslova)